PRESSEMELDING
Fjordkysten og Sunnfjord skal bli ein meir berekraftig reiselivsdestinasjon
Fjordkysten og Sunnfjord har fått tildelt diplom frå Innovasjon Noreg for arbeidet med berekraftig utvikling av reisemålet.
– Reiselivet er i vekst og i utvikling. Det er viktig at vi tek vare på dei ressursane som er sjølve grunnlaget for verdiskapinga: naturen, den lokale kulturen og menneska som bur og lever på stadene som blir besøkte, seier Aase Marthe J. Horrigmo, reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg.
Difor har Innovasjon Noreg, i breitt samarbeid med reiselivsnæringa, utvikla «Merket for berekraftig reisemål».
Merkeordninga er eit styringssystem for reisemål som ønskjer å jobbe langsiktig og målretta med berekraft i reiselivet. Med ordninga følgjer verktøy og innhald for destinasjonsleiing og styring av det lokale reiselivet.
Breitt og langsiktig samarbeid
Sidan 2013 har 47 reisemål fått tildelt diplomet, medan 15 reisemål er i prosess for å oppnå det. Totalt er 160 kommunar involvert i programmet.
– Å oppnå diplomet for berekraftig reisemål er ikkje noko ein gjer åleine. Det krev samarbeid mellom kommunar, næringsaktørar og frivillig sektor. Alle må vere med for å lukkast med å utvikle reiselivet på ein god måte, seier Horrigmo.
– Programmet for berekraftig reiselivsutvikling gjev høve til å samle alle rundt same bord for eit langsiktig arbeid, legg ho til.
Det er seks kommunar som utgjer destinasjonen Fjordkysten og Sunnfjord, og som no har fått eit berekraftdiplom på veggen: Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn, Solund og Sunnfjord.
– For å oppnå diplomet må reisemålet dokumentere at det vert jobba målretta for å tilby unike opplevingar basert på lokal kultur, historie, ressursar og kulturarv – samstundes som ein jobbar med å redusere dei negative effektane turismen kan føre med seg, seier Horrigmo.
Visit Fjordkysten og Sunnfjord starta arbeidet med å oppnå Merket for berekraftig reisemål i 2023. Prosessen har inkludert kartleggingar, målingar og samarbeid mellom kommunar, lokalsamfunn og reiselivsnæring. Eit sentralt element har vore å svare ut 104 indikatorar i standarden for berekraftige reisemål. Arbeidet vart kontrollert av ein ekstern revisor som besøkte destinasjonen i februar 2025. Fjordkysten og Sunnfjord vart tildelt Merket for berekraftig reisemål 25. mars 2025.
Gjennom reiselivsforumet er det lagt til rette for samhandling og felles retning. Innbyggjar- og gjesteundersøkingar er gjennomførte som grunnlag for vidare utvikling. Det er òg jobba med tiltak knytt til ansvarleg reiseliv, marknadsføring og gjesteadferd.
Visit Fjordkysten og Sunnfjord er miljøsertifisert som Miljøfyrtårn. Det er utarbeidd ein felles reiselivsstrategi – eit veikart for destinasjonen – og det er vedteke å etablere ei eiga destinasjonsleiing for å sikre tett samarbeid om felles mål.
Parallelt har Visit Fjordkysten og Sunnfjord delteke aktivt i det nasjonale nettverket for destinasjonsleiing og berekraftig reisemålsutvikling (NDBR), som samlar reisemål i Noreg som har forplikta seg til berekraftig utvikling.
Prosjektleiar har vore Rutt-Lovise Strand, med god støtte frå prosessrettleiar Anne Dorte Carlson.
Første milepæl er nådd
Diplomet vart delt ut til alle kommunane av Ingrid Skaar Døskeland frå Innovasjon Noreg, i samband med generalforsamlinga på Førde Gjestehus og Camping 14. mai 2025. Diplomet er gyldig i tre år frå no.
– Dette er ikkje målstreken – dette er første etappe i ein lang stafett. Diplomet er ikkje til odel og eige. Den verkelege testen kjem om ein klarer å halde arbeidet i gang og oppnå remerking som berekraftig reisemål om tre år, seier Horrigmo.
Til neste godkjenningsrunde skal meir enn hundre punkt innan berekraftig destinasjonsutvikling tydeleg forbetrast.
– Vi gratulerer Fjordkysten og Sunnfjord med å ha nådd den første milepælen, og håpar vi kan dele ut eit nytt diplom for godt berekraftsarbeid om tre år, avsluttar reiselivsdirektøren.


