Konferanse: Korleis bygge framtidas reisemål?

Tysdag 12. november kl. 08:30-11:00 inviterer Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemål (NDBR) til den digitale konferansen «VertsKommunen». Årets tema er «Korleis bygge framtidas reisemål?», og vil handle om korleis vi kan vidareutvikle reiselivet i Noreg på ein berekraftig måte.

Målet med konferansen er å gje inspirasjon og engasjement til å satse vidare på konkrete lokale tiltak for reiselivet. Hovudfokuset i år vil vere:

  • Korleis etablere og drifte handlekraftige og effektive destinasjonsleiingar
  • Korleis jobbe heilskapleg med besøksforvaltning
  • Fordjupingsspor innan fritidsbustadar, tilgjengeleg reiseliv, transport & mobilitet, og cruise

Konferansen er gratis og open for alle, så vi oppmodar dykk til å invitere andre reisemål eller samarbeidspartnarar.

Vi ser fram til ei inspirerande og nyttig samling!

Om NDBR

Nettverk for destinasjonsleiing og berekraftig reisemål (NDBR) samlar reisemål i Noreg som har forplikta seg til berekraftig utvikling av reiselivsnæringa gjennom Merkeordninga «Berekraftig Reisemål».

Les meir