BerekraftsAkademiet: Kompetanse for vertskapet
Visit Fjordkysten og Sunnfjord er stolte over å delta i prosjektgruppa for BerekraftsAkademiet, eit nytt nasjonalt kurs- og kompetansebibliotek utvikla i samarbeid med 18 destinasjonar i Berekraftsnettverket. Dette er eit viktig steg for å styrke kompetansen til vertskapet og fremme berekraft i praksis.
Gjennom prosjektet testar vi ut Motimate, ei innovativ e-læringsplattform som gjer det enkelt å lage, dele og oppdatere kurs. Plattformen gjev destinasjonane moglegheita til å bruke eksisterande materiale og dele kurs mellom reisemål, noko som legg til rette for effektiv ressursbruk og samarbeid.
Kva inneber BerekraftsAkademiet?
BerekraftsAkademiet har som mål å:
- Styrke lokal verdiskaping ved å engasjere vertskapet i berekraftige praksisar.
- Bidra til å verne natur og kulturarv gjennom formidling av rettar, ansvar og kunnskap som naturvett og allemannsretten.
- Skape minneverdige og ansvarlege opplevingar for både gjester og lokalsamfunn.
Akademiet inkluderer ei startpakke med tema som til dømes:
- Korleis kan du som vert bidra til eit meir ansvarleg reiseliv?
- Det nasjonale reiselivet – eksport og gode lokalsamfunn
- «Berekraftig Reisemål» – kva er det?
- Allemannsretten – rettar og ansvar
- Naturvett
- Norsk natur- og naturarv
- Norsk kultur- og kulturarv
- Det gode vertskap
- Dyrevelferd og forvaltning av artar
Kursa er tilgjengelege i ein app, slik at vertskapet kan tileigne seg kunnskap når det passar i ein travel arbeidskvardag.
Vi ser fram til å vere med på denne spennande utviklinga og bidra til eit berekraftig, verdiskapande og minneverdig reiseliv – både lokalt og nasjonalt.
Vil du lære meir om BerekraftsAkademiet? Klikk HER


