Korleis påverkar turismen oss?
Ei ny innbyggarundersøking frå hausten 2024 kartlegg erfaringar og haldningar til turismen i Fjordkysten og Sunnfjord. Resultata viser at turismen stort sett blir sett på som ein positiv ressurs, men avdekker også utfordringar som krev tiltak for å sikre trivsel i lokalsamfunnet og ei berekraftig utvikling av reiselivet.
Hausten 2024 gjennomførte Visit Fjordkysten og Sunnfjord ei innbyggarundersøking for å kartleggje innbyggjarane sine erfaringar og haldningar til turismen i regionen.
Undersøkinga er ein viktig del av arbeidet mot å oppnå og oppretthalde Merket for bærekraftig reisemål, og gir verdifull innsikt i korleis reiselivet påverkar lokalsamfunnet.
Resultata blir analysert for å identifisere områder der det er behov for tiltak for å redusere negativ påverknad av turismen, og for å sikre at regionen kan fortsette å vere ein attraktiv destinasjon for både turistar og innbyggjarar.
Med innsiktene frå innbyggarundersøkinga vil destinasjonsleiinga, i samarbeid med lokale aktørar, sette i gang målretta tiltak som støttar opp om det langsiktige målet om berekraftig reiseliv.
Hovudfunn og utfordringar
- Besøksforvaltning: Nokre område opplever høgt trykk i høgsesongen. Tiltak sikrar god besøksstyring kan bidra til å redusere negative konsekvensar.
- Infrastruktur: Behovet for betre tilrettelegging, som sanitæranlegg, parkering og boss-stasjonar, blei spesielt trekt fram i kommentarane.
- Bevaring av natur: Innbyggarar peiker på at det må balanserast mellom tilrettelegging og vern av sårbare naturområde, og at informasjon om ansvarleg ferdsel må bli styrka.
Samla sett opplevast turismen som ein positiv ressurs for lokalsamfunnet, men det er viktige punktvise utfordringar som må handterast for å sikre berekraftig utvikling. Med strategisk planlegging og samarbeid mellom innbyggarar, næringsliv og kommune kan regionen både styrke turismen og sikre trivselen i lokalsamfunnet.

