Norwegian Travel Workshop 2025

Norwegian Travel Workshop 2025 er no over! Vi har hatt to intense møtedagar i Bodø med både kjende og ukjende turoperatørar. I samtalane har det vore aukande fokus på å reise med offentleg transport og besøke stader litt utanfor allfarvegane. Det vart også stor interesse for lokal kultur og matopplevingar, kombinert med enkle aktivitetar som båtturar og vandring.

Kvifor deltek vi på NTW?

Deltaking på NTW er ei uvurderleg moglegheit til å profilere destinasjonen vår og bygge relasjonar som styrkjer vår posisjon i det internasjonale marknaden. Til deg som jobbar innan reiselivet, er dette ei møteplass du ikkje vil gå glipp av! I tillegg til dei to dagane med B2B-workshop, som hovudsakleg er basert på førehandbestilte avtalar, tilbyr NTW også sosiale arenaer for nettverksbygging på kveldene, samt moglegheita til å utforske vertsområdet gjennom ulike aktivitetar. NTW er ei møteplass for B2B-sal, nettverksbygging, kompetansedeling og marknadsføring. Vi deltok saman med Solund og Måløy Adventure, og håper at endå fleire av dykk som vil satse på turoperatørar, blir med til neste år! Det er ei gyllen moglegheit for å syne ditt produkt og område.

Kven møter vi?  

Årets møter var ein kombinasjon av gamle kjende og nye bekjentskap. Målet med å prate med dei vi allerede har på kontaktlista vår, er å høyre om statusen deira, korleis salet av produkt i vår region går, og om det er nokre nye tilbod som kan vere interessante for dei. Til dømes fekk vi status på nokre produkt som kjem for sal denne sommaren, og vi tok opp tråden med ein operatør som tidlegare har vist interesse for området. Blant dei nye bekjentskapa var det både incoming og outgoing førespurnader, der vi kontakta operatørar som etterspør det vi kan tilby i vår region. Turoperatørane vi møtte representerte den europeiske og nord-amerikanske marknaden. Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir detaljert informasjon.

Litt av det vi tok med oss frå møta:  

  • Travel like the locals – Reise med offentleg transport. Her snakka vi mykje om kystreise med Norled og korleis dette kan kombinerast med Sognefjorden.  
  • Off the beaten track – Det var auka fokus på å finne dei skjulte perlene og reise til plassar med færre turistar.  
  • Slow travel – Fleire ynskte å bli verande same stad i fleire netter, og gjerne ha ein rundtur i nærområdet til Bergen, eller frå Bergen til Ålesund.  
  • Get to know the locals – Lokal mat, historieforteljing og autentisitet var viktig.  
  • Soft activities – Guidede båtturar og enkel vandring var populært.  

Korleis jobbar vi vidare?  

Rett etter NTW fekk alle tilsendt ei første e-post med generell informasjon. Veka etter vart det sendt ut meir målretta informasjon til kvar enkelt av dei vi hadde møte med. Dette inkluderer reiseruteforslag og kontaktinformasjon til det dei viste mest interesse for. Dei blir også lagt til i e-postlista for nyheitsbrev, samt får tilbud om en oppfølgingssamtale på Teams. Nokre vil også bli invitert til årets visningsturar.

Sjåast vi på NTW 2025? 

Neste år vert NTW arrangert i Lofoten frå 13. april til 17. april, og vi håpar fleire frå destinasjonen vår blir med! Det er ei unik moglegheit til å bygge nettverk, dele idear og vise verda kva vi har å tilby. Ta gjerne kontakt med ida@fjordkysten.no om de lurer på noko!