Stadsutvikling først!
Korleis kan besøk styrke, heller enn å svekke, det som gjer ein stad til ein heim? Læring og inspirasjon frå besøksforvaltningssamling i Flåm.
Når vi snakkar om reiseliv, snakkar vi ofte om attraksjonar, tilrettelegging og synleggjering. Men det vi eigentleg snakkar om, eller burde snakke om, er stadane våre. Menneska. Kvardagen. Samlinga i Flåm 29.–30. april, i regi av Vestland fylkeskommune, blei ei kraftfull påminning om at heilskapleg besøksforvaltning startar nettopp der: i bygdene, i dei små vala, og i samarbeidet mellom kommune, næring og lokalsamfunn.
Frå Visit Fjordkysten og Sunnfjord deltok Marita og Rutt-Lovise, og i vår region er både Fjordkystparken, Sunnfjord kommune, Solund kommune og Hyllestad kommune aktive i prosjektet. Gjennom desse to dagane fekk vi innsikt, inspirasjon og ein god porsjon ettertanke å ta med oss heim.
Erfaringar frå ein stor og ein liten stad
Første dag starta med Aurland kommune, ei etablert reiselivskommune med stor tilstrøyming av gjestar, men òg store utfordringar. Parkering, trafikktrykk, villcamping, bustadproblematikk. Airbnb, som ein gong var ei løysing, skaper no press på bustadmarknaden for fastbuande. Det var eit nyansert og ærleg bilete dei teikna, av korleis noko som er bra for nokre, kan bli ei belasting for andre.
På ettermiddagen tok vi båten til Undredal, der vi møtte representantar frå kommunen og bygda. Dette vesle lokalsamfunnet, kjent for geitost og fjordidyll, har eit sterkt lokalt engasjement og vilje til å vere med i samtalen. Vi vart minna om at ingen kjenner staden betre enn dei som bur der, og at deira stemme må vere styrande i utviklingsarbeidet.
Verdigrunnlag og retning – kven er reiselivet til for?
Onsdag sette vi kursen mot framtida, eller i alle fall i den retninga. Gjennom workshop og gruppearbeid arbeidde vi fram tankar om verdigrunnlag og mål for reiseliv og besøksforvaltning. Samtalen handla om meir enn strategi, den handla om kva slags samfunn vi vil vere med å byggje.
Vi snakka om å ta tilbake styringa, ikkje for å stoppe utvikling, men for å forme den. Forankra i det lokale, og med utgangspunkt i kva slags liv folk ønskjer å leve. Ikkje berre kva opplevingar vi ønskjer at dei besøkande skal få.
Tord Bakke frå 3RW gav eit inspirerande innlegg om korleis ein kan tenke heilskapleg rundt reiseliv og lokalsamfunnsutvikling. Han minte oss på at dette ikkje er to ulike løp, det er eitt og same prosjekt. Skal vi få til gode reisemål, må vi starte med god stadsutvikling.
Læring på tvers – mellom fjordar, kommunar og perspektiv
Det mest verdifulle med slike samlingar er kanskje ikkje det som står i programmet, men det som skjer i mellomromma – i pausene, på båten, rundt middagsbordet. Mellom oss vaks det fram ei felles erkjenning: Vi sit med mange av dei same utfordringane, men møter dei frå ulike ståstader. Og nettopp i det mangfaldet ligg mykje av styrken i dette prosjektet.
Læringa frå Flåm var både konkret og prinsipiell:
- Bustadproblematikk må inn som ein del av reiselivsplanlegginga. Det hjelper ikkje å skape nye arbeidsplassar viss folk ikkje har ønske om eller råd til å bu i bygda.
- Tilrettelegging til besvær: Nye parkeringsplassar løyser kanskje eit problem, men kan samtidig forsterke trafikktrykket. Vi må tørre å stille spørsmålet: Kva er det eigentleg vi legg til rette for – og for kven?
- Lokal forankring er avgjerande. Eit prosjekt kan vere aldri så gjennomtenkt, viss det ikkje opplevast som relevant og rettferdig for dei som bur på staden, vil det få motstand.
- Stadsutvikling først! Vi må starte med dei som bur i loklsamfunnet, ikkje som motpol til reiselivet, men som fundament. Når lokalsamfunnet har det godt, blir det òg godt å kome på besøk.
Vi tok også med oss ein viktig refleksjon: Dei same menneska kan ha mange roller – grunneigar, næringsdrivande, forelder, deltakar i bygdelag. Når vi jobbar med besøksforvaltning, må vi sjå heile mennesket, ikkje berre sektoren dei representerer i møtet.
Heim att med ny kraft
For oss i Fjordkysten og Sunnfjord var samlinga ei stadfesting av mykje vi allereie har jobba med, men òg eit løft. Eit dytt i retning av å vere endå tydelegare på kva som betyr noko. At god besøksforvaltning ikkje handlar om å seie ja eller nei til reiseliv, men om å stille rett spørsmål, i rett rekkefølge.
Dei fem spørsmåla for god besøksforvaltning:
- Kvifor vil vi ha turisme?
- Kva skal turismen gjere for oss i vår kommune?
- Kva er formålet med å tilretteleggje for besøkande?
- Korleis kan turisme vere eit verktøy for å utvikle lokalsamfunnet vi ønskjer oss?
- Kva har vi?
- Kva for lokale ressursar har vi som gjer at folk vil besøkje oss?
- Kva ønsker lokalbefolkninga å ha for seg sjølve og bør ikkje visast fram?
- Kven bestemmer kva som skal framhevast?
- Kvar og når vil vi ha besøk?
- Når er det akseptabelt at besøkande kjem, og når ønskjer vi at dei ikkje kjem?
- Korleis kan vi koordinere besøk med andre næringar og aktivitetar?
- Kven vil vi invitere heim?
- Kven er våre «drøymegjester»?
- Kven ønskjer vi å tiltrekke oss?
- Korleis får vi tak i dei?
- Korleis kan vi tiltrekke oss dei gjestane vi vil ha på besøk?
- Korleis marknadsfører vi og kva for kanalar?
Disse spørsmåla er verktøy for å hjelpe lokalsamfunn med å utvikle ein god og bærekraftig besøksforvaltning.
Vi har ikkje alle svara, men vi har kvarandre – og vi har ei felles retning!













