Internasjonal visningstur til Solund, Værlandet og Bulandet
12.–15. mai blei det arrangert ein internasjonal visningstur saman med Innovasjon Noreg og Fjord Noreg. Turen gjekk til Solund, Værlandet og Bulandet, der deltakarane fekk oppleve levande øysamfunn og reise med offentleg transport. Det var 10 deltakarar på turen, frå sju europeiske land og ein turoperatør frå USA. Visningsturen er ei vidareføring av den tradisjonelle øyhoppingsturen med postbåten frå Solund til Bulandet, med overnatting i Solund og på Værlandet, og ei ekstra dag med aktivitetstilbod i Solund.

Turen starta og slutta i Bergen, der vi blei godt teken imot av Frøydis frå Norled, som gav nyttig informasjon til turoperatørane om Norled som transportmiddel, og korleis ein kan kombinere øyriket med Sognefjorden og Bergen.
Vi tilbrakte to netter på Solund Leilegheitshotell. Vi fekk servert middag på Skafferiet og Havkroa. Lunsj fekk vi hos Gjenbruket og påsmurt frå Spar Solund. Vi lærte meir om Fjordkystparken og UNESCO-sertifiseringa. Norsk Kystkulturakademi tok oss med på kulturvandring, villsausafari og gav ei innføring i kajakk-eldoradoet. Vidar Hop Skyssbåtar og Venner av Utvær tok oss med ut til Noregs vestlegaste punkt, med vaflar, trimtur opp i fyrtårnet og vandring på Utvær.
Turen gjekk vidare til Bulandet med postbåten, med strålande guiding av Hans. Undervegs fekk vi tatt ein prat med Steinsund Marinesenter, Roar på Litle Færøyna og Anne Marie på Gåsvær. På Bulandet tok Gunhill oss med på ein runde til øyas mange perler, der fleire fekk prøvd sykling på Bulandet. Vi hilste på Værlandet Gjesteheim og åt lunsj på Hamnholmen, der Hilde kom innom og fortalde oss om landskapet og villsauen. Vi avslutta dagen med middag på Kroa og ein god natts søvn på Værlandet Havhotell.
Turoperatørane var opptekne av å reise utanfor allfarveg, miljøvennlege reisemåtar, å bli kjende med lokalbefolkninga, lokalmat, kulturopplevingar, samt vandring og enkle aktivitetar. Turoperatørane har fått oppfølging, og aktørane som deltok på visningsturen, har fått tilsendt kontaktinformasjon til deltakarane.
Tusen takk til alle saman for innsatsen, og for at vi i lag kan løfte destinasjonen og jobbe for auka reiselyst til kysten i ein forlengd sesong.






