Ansvarleg marknadsføring

Ansvarleg marknadsføring handlar om å formidle Fjordkysten og Sunnfjord på ein måte som er ærleg, respektfull og berekraftig. Vi skal vise fram regionen slik ho faktisk er, ta vare på natur og kultur, og skape gode, realistiske forventningar hos gjestane.

Prinsipp for ansvarleg marknadsføring

Desse prinsippa ligg til grunn for all marknadsføring i og av regionen:

  • Ærleg og påliteleg kommunikasjon
    • Vis fram verkelege forhold og opplevingar.
    • Unngå overdrivingar, manipulerte foto eller situasjonar som ikkje samsvarer med realiteten.
  • Tryggleik og informasjon
    • Kommuniser risiko knytt til aktivitetar og natur.
    • Sørg for at gjesten veit kva som krev kompetanse, guide eller spesialutstyr.
    • Vis gode døme på trygg og ansvarleg ferdsel.
  • Vis omsyn til natur, kultur og lokalsamfunn
    • Framstill sårbare område med omtanke.
    • Unngå bilete/film som oppmodar til inngrep i natur, forstyrring av dyreliv eller uønska åtferd.
    • Løft fram lokale verdiar og kulturarv med respekt.
  • Rett målgruppe, rett bodskap, rett tid
    • Tilpass innhald etter erfaring og ferdigheiter.
    • Marknadsfør aktivitetar slik at dei treffer dei som faktisk kan gjennomføre dei trygt.
    • Unngå å skape trengsel eller press i sårbare sesongar/locationar.

Rettleiing for ansvarleg marknadsføring

Ansvarleg marknadsføring handlar om å gi gjestane eit realistisk og påliteleg bilete av reisemålet, basert på deira behov og føresetnader. I all kommunikasjon om Visit FjordKysten og Sunnfjord skal vi formidle regionen slik ho faktisk er, i tråd med lovverk, anbefalingar og det gjestane kan forvente å oppleve.

Retningslinjene skal styrke vertskapet si rolle som ambassadør for ansvarleg gjesteadferd og integrere berekraftige prinsipp i tenester og drift. Dei skal samtidig auke bevisstheita hos dei besøkande om korleis val og åtferd påverkar natur, kultur og lokalsamfunn, og inspirere til at alle tek vare på miljøet og opplever regionen på ein trygg og respektfull måte.

Generelle retningslinjer

  • Marknadsføringa skal reflektere kva gjester kan forvente å oppleve i FjordKysten og Sunnfjord.
  • Marknadsføring og informasjon, samt produksjon av innhald til marknadsføring skal ikkje bryte med marknadføringslova.
  • Bruksrettigheiter og samtykke til bruk av innhald skal vere avklart før bruk i marknadsføring og informasjonsmateriell.
  • All marknadsføring skal ha korrekt bruk av sikkerheitsutstyr i gjennomføring av aktivitetar på ein sikker måte.
  • Marknadsføring og informasjon skal halde seg innanfor Grønnvaskingsplakaten, https://www.gronnvasking.no/
  • Innhaldet som vert nytta i marknadsføring av regionen skal ikkje gje gjestane feil inntrykk av kor nært dei kan komme dyreliv og-/eller kulturminner.
  • Destinasjonen og bedrifter skal ikkje marknadsføre eller tilby tenester som kan påverke sårbare naturressursar og lokalsamfunn negativt.
  • Ha “god marknadføringsskikk”. Marknadsføring som ikkje krenker allmenne etikk- og moraloppfatning, ikkje bruk støtande eller påtrengande verkemedlar som elles er diskriminerande.
  • Kunstig intelligens er ikkje lov å nytte i foto eller film.
  • Vår kommunikasjon om bærekraft skal i innhald og mål vere motiverande, støttande og lagt til rette for at turistane skal kunne ta bærekraftige val i sin reise.

Sjekkliste når du skal marknadsføre regionen som eit besøksmål

Kommunikasjon i henhald til Visit FjordKysten og Sunnfjord sin strategiplan

  • Forsterk og bygg FjordKysten og Sunnfjord som merkevare.
  • Forsterk fellesmarknadsføring av opplevingar og produkt som er modne i nære utanlandsmarknader.

Bilete og video

  • Bilete / video skal ikkje vere AI generert
  • Bilete / video skal vere autentisk og ikkje manipulert
  • Bilete / video skal vise realistiske opplevingar, situasjonar og forhold
  • Bilete / video skal vise mangfald av menneske, inkludert ulike etnisitetar, kjønn, aldersgruppe og funksjonsnivå
  • Bruksrettigheitar og samtykke skal vere avklart før bruk
  • Tryggleik for menneske og dyr er viktig
  • Følg dronereglar Drone (luftfartstilsynet.no)

Profilering av sårbare attraksjonar, natur og artar

  • Opplevingar som vert marknadsført skal vere autentiske opplevingar som ikkje skader miljøet gjennom trengsel, overbelastning, forstyrringar eller forsøpling
  • Ein skal ikkje marknadsføre / vise sårbare eller trua naturområde eller artar

Friluftsliv

  • Utandørs overnatting skal marknadsførast i henhald til lovar og reglar. Bilete av campingvogn, bubil eller telt skal syne stadar der det er lov å campe
  • Allemannsretten skal følgast når det gjeld overnatting og aktivitetar i friluftsliv

Lokalsamfunn og kultur

  • Opplevingane som vert marknadsført skal vere i tråd med samfunnet sine interesser og verdiar.
  • Formidling av reisemålet og lokalbefolkninga si kulturhistorie

Transport

  • Ein skal marknadsføre aktivitetar som nyttar transportmiddel på riktig måte. Ikkje vis uaktsam køyring
  • Ikkje marknadsfør aktivitetar og transportmiddel som kan gjere skade på naturen
  • Frem grøne transportval som turistane kan nytte i reisa si

Miljø og berekraft

  • Ikkje la forbrukaren sitte igjen med eit inntrykk av at noko er meir miljøvennleg / berekraftig enn det er
  • Miljøsertifisering betyr ikkje at vi kan omtale noko som “miljøvennleg”, kun at dei er miljøsertifisert
  • Aldri skriv Berekraftige reisemål, det er alltid eintal, med stor bokstav først
  • Det må ikkje framstå at reisemålet ER berekraftig når ein skal skrive om Berekraftig reisemål. Ein må difor omtale det slik:
    • Besøk; reisemål som jobbar for å bli meir berekraftig / har fokus på berekraft, eller x destinasjon innehar merket Berekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismens negative påverknad for å auke dei posititve ringverknadene. X er i gong med å bli merka som … osv
  • Bruk ikkje “grøne” bilete som “overkommuniserer” miljøvennlegheit som ikkje er reell

Verdiskaping

  • Marknadsfør gjerne bruk av lokale råvarer, produkt og tenester
  • Opplevingane som vert marknadsført skal fremje lokal verdiskaping