Korleis kan du som reiselivsaktør delta?
Reiselivsaktørar kan delta i digitale kampanjar gjennom samarbeid med Visit Fjordkysten og Sunnfjord. Kampanjane blir gjennomførte som eigne destinasjonskampanjar, eller i samarbeid med regionale og nasjonale aktørar som Visit Norway og Fjord Norge.
Deltaking skjer vanlegvis i samband med planlagde kampanjar retta mot definerte marknader og målgrupper. Aktørar kan bli inkluderte i kampanjar både i regi av destinasjonsselskapet aleine og i felles satsingar på tvers av destinasjonar og nivå.
Deltaking kan mellom anna innebere å:
- Spele inn relevante opplevingar, aktivitetar eller overnattingstilbod som støttar kampanjetemaet.
- dele innhald som foto, video eller historier som styrkjer den overordna forteljinga om regionen
- vere synleg som del av ei felles kampanje eller tematisk satsing
Synlegheit skjer innanfor dei prioriteringane og den profilen som er sett for den enkelte kampanjen, med mål om å skape meir trafikk til regionen og auka verdiskaping for medlemane samla.