Merket for bærekraftig reisemål

Fjordkysten og Sunnfjord er merka som Berekraftig reisemål!

Fjordkysten og Sunnfjord har blitt tildelt Innovasjon Norge sitt Merket for Berekraftig Reisemål! Dette er ein viktig milepæl i vårt arbeid for å utvikle eit meir berekraftig reiseliv, der vi set miljø, lokalsamfunn, natur og kultur i fokus. Merket er ei nasjonal ordning som sertifiserer reisemål som har forplikta seg til ei meir berekraftig utvikling.

Kva betyr Merket for Berekraftig Reisemål?

Merket for Berekraftig Reisemål viser at vi jobbar målretta for å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturen og kulturarven, og styrke dei positive effektene reiselivet har på lokalsamfunna. Det er ikkje eit sluttmål, men ei forplikting til å arbeide kontinuerleg for å bli betre.

Reisemål som er merka som Berekraftig reisemål får ekstra synligheit på visitnorway.com og gjennom Innovasjon Norge sine reiselivsaktiviteter i inn- og utland, reisemålet kan òg nytte sin status som merka for å vise et aktivt ansvar ei meir berekraftig reiselivsutvikling.

Korleis kan di bedrift bidra?

Som reiselivsaktør kan du bidra på fleire måtar:

  1. Bli medlem av Visit Fjordkysten og Sunnfjord: Dette støttar arbeidet med berekraftig utvikling i regionen.
  2. Engasjer deg: Delta på Kick-off, reiselivsforum og svar på undersøkingar og forespørsler.
  3. Jobb med berekraft i eigen bedrift: Auka bevisstheita blant de ansatte, implementer berekraftsmål, eller bli miljøsertifisert.
  4. Gi kundane gode råd: Hjelp gjestene til å ta ansvarlege val før, under og etter besøket.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller treng du hjelp til ditt arbeid med berekraft? Ta gjerne kontakt med oss!

Les meir om merkeordninga Standard for Berekraftig reisemål

Diplom 2025-2028

Rapport vår 2024

Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemål