Berekraftsnettverket NDBR

Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling (NDBR) er eit nasjonalt nettverk for og av 40 destinasjonar som har satt ei tydeleg berekraftig retning for utviklinga av reiselivsnæringa gjennom å vera knytt opp mot merkeordninga «Berekraftig Reisemål». Gjennom nettverket arbeider destinasjonane for å styrke og løfte den lokale kunnskapen for å sikre auka innovasjon- og skaleringsevne, meir effektive prosessar og større gjennomslagskraft i arbeidet med å skape framtidas reiseliv.

Visit Fjordkysten og Sunnfjord er ein aktiv bidragsytar i nettverket, har inngått intensjonsavtale og deltek inn i hovudprosjektet. Rutt-Lovise følger opp arbeidet på vegne av verksemda. Deltakinga omfattar destinasjonsleiinga på destinasjonen som ein heilskap, og deltakarar har moglegheit til å invitere inn andre aktørar representert her etter eige ønskje der relevant.

Nettverksarbeidet er konsentrert om fire strategiområde. Desse strategiområda er som følgjer:

  1. Erfaringsutveksling og kompetanse
  2. Innovasjon og berekraftig utvikling
  3. Ny teknologi og innovative metodar
  4. Synlegheit og gjennomslagskraft

Berekraftskaffien

Kvar siste torsdag i månaden arrangerer nettverket Berekraftskaffien med relevante tema knytt til berekraftsarbeid. I tillegg arrangerast det forum for spesifikke, aktuelle tema.

Dialoggrupper

Nettverket har til ein kvar tid gåande ulike dialoggrupper på tema som er aktuelle for nettverket eller ulike grupperingar i nettverket.

Fokusgruppe

Nettverket har delt arbeidet inn i fokusgrupper. Visit Fjordkysten og Sunnfjord v/Rutt-Lovise deltek aktivt i Fokusgruppe for Verktøy og maler.