OVERNATTINGSSTATISTIKK

Feil i SSB-tal for juli og august


For alle som liker å følgje med på overnattingsstatistikk, må vi melde om at SSB ikkje har publisert tal for hotellovernatting i Fjordkysten og i Sunnfjord for månedane juli og august 2025.

Svært misvisande statistikk

Vi har ikkje fått noko fullgodt svar frå SSB hittil på kva som er årsaka til dette. Resultatet er uansett at overnattingsstatistikken for Fjordkysten og Sunnfjord for desse månadane, og for året samla hittil er svært misvisande og direkte feil. Visit FjordKysten og Sunnfjord følgjer opp SSB og håper at dette vert korrigert etter kvart, slik at overnattingsstatistikken kan vere eit nyttig verktøy for å følgje med på trendar i utviklinga både for Fjordkysten og Sunnfjord og for Vestland og Fjord Norge som reisemål.