Nulltoleranse for marknadsføring av alkohol

Lovar og reglar for marknadsføring av alkohol

Marknadsføring av alkohol er strengt regulert i Norge, og regelverket gjeld óg for oss som jobbar med reiseliv og destinasjonsmarknadsføring. Sjølv indirekte omtale, bilete eller formuleringar kan bli vurdert som reklame. Her finn du ei oversikt over kva som er lov – og kva som ikkje er lov – slik at vi saman held oss innanfor regelverket.

Viktig informasjon om marknadsføring av alkohol

Vi ønskjer å minne alle medlemer og samarbeidspartnere om at regelverket for marknadsføring av alkohol i Norge er svært strengt. Det er forbod mot all reklame for alkohol jf. alkohollova § 9-2 og tilhøyrande forskrift og rundskriv.

Du finn regelverket her

DETTE ER IKKJE LOV

Det er vanskeleg å få skikkelig grep på kva som er lov å ikkje. Difor har vi utarbeidd nokre kulepunkt for kva som ikkje er lov til i marknadsføringssamanheng.

Du har ikkje lov til å syne:
  • Bilete av vinglass – sjølv om dei er tomme, eller inneheld alkoholfrie produkt
  • Alkoholfrie produkt frå ein aktør som ellers er kjend for alkoholprodukt
  • Tekst som inneheld reklame for alkohol
  • Bruk av skildrande og positive adjektiv om alkohol, som til dømes «god», «smakfull», «frisk», osv.
  • Profilere produsentar eller merkevarer som primært er knytt til alkohol

Det er viktig å vere klar over at også stemningsbilete, serveringssituasjonar og indirekte omtale kan bli vurdert som reklame

Redaksjonell omtale

Uavhengig redaksjonell omtale er verna av ytringsfridomen (grunnlova § 100). Føresetnaden er at det faktisk ligg føre redaksjonell fridom.

Vi som destinasjonsselskap har ikkje slik redaksjonell fridom i vår marknadsføring. Å lenke til redaksjonell omtale av alkoholprodukt kan óg bli vurdert som brot på reklameforbodet.

Privatpersonar har ytringsfridom, men:

  • Viss ein bransjeaktør i alkoholmarknaden har initiert eller står bak ytringa, blir det rekna som reklame
  • Oppmoding til tagging, omtalar, anbefalingar eller linkande er ikkje lov. Alle aktørar som har alkohol knytt til sin merkevare bør difor skru av moglegheiten for at personar kan tagge dykk i sosiale medium, for å unngå bøter.
  • Svar på spørsmål vedrørande alkohol må bli gitt privat! Sjølv om spørsmålet vert stilt offentleg

Vi som destinasjonsselskap har lov til å syne produkt som smaking og guida turar i kombinasjon med smaking av alkoholholdige produkt, men teksten vi skriv må vere nøktern. Er du ein serveringsaktør som tilbyr guida turar eller smaking? Du kan sjå eit eksempel på korleis vi kan syne produktet ditt her.

Alko-bot

Fjord Norge har utvikla ein eigen «alkobot» som skal hjelpe oss å vurdere om produkt og innhald på fjordnorway.com er innanfor regelverket.

Er du usikker på om produktet ditt er innanfor regelverket?

Ta kontakt med Lillian Herland

Marknad- og Kommunikasjonsansvarleg

Send Lillian ein e-post