Materiell for trafikktryggleik
Saman for tryggare ferdsel på vegane
Vestland fylkeskommune har, i samarbeid med Utrykningspolitiet distrikt Vest og kollegaer innan infrastruktur og veg, utvikla informasjonsmateriell for å styrke trafikktryggleiken blant bilturistar i fylket.
Fire enkle, men viktige bodskap
Materiellet vil bli distribuert på fleire arenaer, mellom anna gjennom skjermar om bord på ferjene og via leigebilselskap. I tillegg ønskjer dei å nå ut til endå fleire stader der bilturistar stoppar eller hentar informasjon. Fjord Norge og FjordKysten og Sunnfjord bidreg òg til distribusjonen gjennom sitt nettverk.
Kampanjen løftar fram fire enkle, men viktige bodskap frå politiet:
🚘 Følg med på vegen når du køyrer.
📸 Skal du nyte utsikta? Køyr av vegen og stopp på ein trygg stad.
🚙 Lagar du kø? Slepp andre forbi når det er mogleg.
🚫 Køyr rusfri – promillegrensa i Noreg er 0,2.
Kan de hjelpe med å spreie bodskapen?
Vi oppmodar alle turistinformasjonar og andre relevante aktørar til å vise filmane på skjermar der det er mogleg. Filmane eignar seg også godt til deling i sosiale medium, men er først og fremst utvikla for gjester som allereie er på reise i destinasjonen.
Tips Vestland Fylkeskommune om aktuelle distribusjonsstader
Kjenner de til andre stader på dykkar reisemål der bilturistar stoppar eller hentar informasjon? Tips gjerne Vestland fylkeskommune om aktuelle distribusjonsstader, slik at vi saman kan bidra til tryggare ferdsel på vegane.


