TechFriday

Tre digitale samlinger som gjer bedrifta betre rusta for det som kjem

Visit FjordKysten og Sunnfjord inviterer, saman med Fjord Norge, medlemsbedriftene våre til TechFriday – eit praktisk digitalt kompetanseprogram utvikla spesielt for reiselivet.

Bli med på TechFriday samling  

AI endrar måten gjestene finn, vurderer og vel reiselivsprodukt på. Samstundes aukar krava til digital synlegheit, gode digitale kundeopplevingar og cybersikkerheit. For å gjere det enkelt i ein travel kvardag blir TechFriday gjennomført som tre korte digitale samlingar på éin time, frå klokka 09.00 – 10.00 

Første samling er allereie 21. august, så viss de ynskjer å delta, er tida inne for å melde på bedrifta.

Dette får bedrifta ut av dei tre samlingane

21. august: nettsider i ei AI-driven framtid

AI påverkar allereie korleis gjester søkjer etter informasjon og finn fram til reiselivsprodukt. Etter samlinga har de eit betre grunnlag for å:

  • Vurdere om nettsida har eit godt digitalt fundament
  • Strukturere innhaldet slik at verksemda står sterkare i ei meir AI-driven søkjeverd
  • Bruke bilete, video og historiefortelling meir strategisk
  • Byggje større truverd rundt verksemda og merkevara
  • Prioritere kva delar av den digitale nærværa de bør arbeide vidare med

Gevinst: Bedrifta får ei betre forståing av kva som skal til for å vere synleg og relevant når måten gjestene søkjer og orienterer seg på, er i endring.

9. oktober: Cybersikkerheit for små og mellomstore reiselivsbedrifter

Cybersikkerheit er ikkje berre eit IT-spørsmål. Små og mellomstore verksemder må òg forstå kvar dei er sårbare, og kva dei sjølve kan gjere. Etter samlinga har de eit betre grunnlag for å

  • Forstå kva digitale risikoar verksemda faktisk står ovanfor
  • Identifisere område der de kan vere sårbare
  • Innføre enkle og praktiske tiltak som reduserer risiko
  • Etablere betre verktøy og rutinar i verksemda
  • Ta meir informerte avgjerder om digital sikkerheit utan å måtte vere IT-eksepert

Gevinst: Bedrifta vert betre rusta til å førebyggje digitale problem og veit kva tiltak det er viktigast å prioritere.

13. november: Reiseliv i ei «phygital» verd

Gjesten skil stadig mindre mellom den fysiske og den digitale opplevinga. Dei to må fungere saman. Etter samlinga har vi eit betre grunnlag for å

  • Forstå kva ei «phygital» reiselivsoppleving er, og kvifor utviklinga er relevant
  • Sjå moglegheiter for å kombinere fysiske og digitale element i eigne tilbod
  • Utvikle gjesteopplevingar som møter nye forventningar og forbrukartrendar
  • identifisere nye moglegheiter for produkt og tenester
  • Forstå korleis slike konsept kan kommersialiserast mot internasjonale marknader

Gevinst: Bedrifta får nye perspektiv på korleis teknologi kan brukast til å utvikle sjølve gjesteopplevinga – og skape nye kommersielle moglegheiter.

Praktisk laga for ein travel reiselivskvardag

TechFriday er ikkje eit tungt teknologikurs. Programmet er utvikla for destinasjonar og små og mellomstore reiselivsbedrifter som ynskjer å forstå, prioritere og handle rett.

Samlingane er digitale og kompakte, med korte læringsbolkar kombinert med døme, teori og praktiske oppgåver. Innhaldet er laga for å kunne brukast i eiga verksemd. Du treng ikkje teknisk bakgrunn for å delta.

Datoar og tidspunkt

21. august klokka 09.00 – 10.00
9 oktober klokka 09.00 – 10.00
13. november klokka 09.00 – 10.00

Éin pris – heile bedrifta kan delta

Pris: NOK 1,500 eks. mva + avgift per bedrift for alle tre samlingane

Prisen gjeld heile bedrifta, uavhengig av kor mange tilsette som deltek. Det betyr at de kan involvere fleire relevante medarbeidarar og få meir ut av kompetanse internt – utan at kursprisen aukar med talet på deltakarar.

Første samling startar 21. august

Det er kort tid til oppstart. Ynskjer de å styrkje kompetansen i bedrifta innan digital synlegheit, AI, Cybersikkerheit og framtidas gjesteoppleving, tilrår vi å melde på verksemda no.

Meld på bedrifta her

TechFriday blir tilbydd av Visit FjordKysten og Sunnfjord i samarbeid med Fjord Norge og blir gjennomført med Nici Pagels frå Nordic Tourism. Collective.