Dette utviklar vi no
For å styrke samarbeidet og synleggjere fleire produkt i marknaden, utviklar vi nye verktøy og nettverk i tett samarbeid med næringa.
B2B-nettverk for medlemmar
Vi etablerer ei eiga gruppe for medlemmar som satsar mot operatørmarknaden. Nettverket skal bidra til tettare samarbeid, felles salstiltak og kompetansedeling.
Produktmanual
Vi samlar salbare produkt frå heile regionen i ein digital produktmanual – eit verktøy for både operatørar og bedrifter.
MICE-satsing
På sikt ønskjer vi å styrke arbeidet mot møter, kurs og mindre arrangement (MICE). Her vil vi samarbeide med hotella og partnarar for å posisjonere Fjordkysten & Sunnfjord som eit attraktivt alternativ for små og mellomstore arrangement tett på naturen.