BerekraftsAkademiet: Kompetanse for vertskapet

Visit Fjordkysten og Sunnfjord er stolte over å delta i prosjektgruppa for BerekraftsAkademiet, eit nytt nasjonalt kurs- og kompetansebibliotek utvikla i samarbeid med 18 destinasjonar i Berekraftsnettverket. Dette er eit viktig steg for å styrke kompetansen til vertskapet og fremme berekraft i praksis.

Gjennom prosjektet testar vi ut Motimate, ei innovativ e-læringsplattform som gjer det enkelt å lage, dele og oppdatere kurs. Plattformen gjev destinasjonane moglegheita til å bruke eksisterande materiale og dele kurs mellom reisemål, noko som legg til rette for effektiv ressursbruk og samarbeid.

Kva inneber BerekraftsAkademiet?

BerekraftsAkademiet har som mål å:

  • Styrke lokal verdiskaping ved å engasjere vertskapet i berekraftige praksisar.
  • Bidra til å verne natur og kulturarv gjennom formidling av rettar, ansvar og kunnskap som naturvett og allemannsretten.
  • Skape minneverdige og ansvarlege opplevingar for både gjester og lokalsamfunn.

Akademiet inkluderer ei startpakke med tema som til dømes:

  • Korleis kan du som vert bidra til eit meir ansvarleg reiseliv?
  • Det nasjonale reiselivet – eksport og gode lokalsamfunn
  • «Berekraftig Reisemål» – kva er det?
  • Allemannsretten – rettar og ansvar
  • Naturvett
  • Norsk natur- og naturarv
  • Norsk kultur- og kulturarv
  • Det gode vertskap
  • Dyrevelferd og forvaltning av artar

Kursa er tilgjengelege i ein app, slik at vertskapet kan tileigne seg kunnskap når det passar i ein travel arbeidskvardag.

Vi ser fram til å vere med på denne spennande utviklinga og bidra til eit berekraftig, verdiskapande og minneverdig reiseliv – både lokalt og nasjonalt.

Vil du lære meir om BerekraftsAkademiet? Klikk HER