Rettleiing for ansvarleg marknadsføring
Ansvarleg marknadsføring handlar om å gi gjestane eit realistisk og påliteleg bilete av reisemålet, basert på deira behov og føresetnader. I all kommunikasjon om Visit FjordKysten og Sunnfjord skal vi formidle regionen slik ho faktisk er, i tråd med lovverk, anbefalingar og det gjestane kan forvente å oppleve.
Retningslinjene skal styrke vertskapet si rolle som ambassadør for ansvarleg gjesteadferd og integrere berekraftige prinsipp i tenester og drift. Dei skal samtidig auke bevisstheita hos dei besøkande om korleis val og åtferd påverkar natur, kultur og lokalsamfunn, og inspirere til at alle tek vare på miljøet og opplever regionen på ein trygg og respektfull måte.