Innbyggarundersøking

Hausten 2024 gjennomførte Visit Fjordkysten og Sunnfjord ei innbyggarundersøking for å kartleggje innbyggjarane sine erfaringar og haldningar til turismen i regionen. Undersøkinga er ein viktig del av arbeidet mot å oppnå og oppretthalde Merket for bærekraftig reisemål, og gir verdifull innsikt i korleis reiselivet påverkar lokalsamfunnet.

Resultata blir analysert for å identifisere områder der det er behov for tiltak for å redusere negativ påverknad av turismen, og for å sikre at regionen kan fortsette å vere ein attraktiv destinasjon for både turistar og innbyggjarar.

Med innsiktene frå innbyggarundersøkinga vil Visit Fjordkysten og Sunnfjord, i samarbeid med lokale aktørar, sette i gang målretta tiltak som støttar opp om det langsiktige målet om berekraftig reiseliv.

Samla sett opplevast turismen som ein positiv ressurs for lokalsamfunnet, men det er viktige punktvise utfordringar som må handterast for å sikre berekraftig utvikling. Reiselivet bør fokusere på:

  1. Besøksforvaltning: For å redusere negative konsekvensar i utsatte område.
  2. Regulering av besøksvolum: Spesielt i høgsesong og ved populære attraksjonar.
  3. Tilrettelegging av infrastruktur: Som sanitæranlegg, parkering og boss-stasjonar.
  4. Bevaring av natur: Prioritere tiltak som balanserer vern og tilrettelegging, og sikre informasjon til turistar om ansvarleg ferdsel.

Med strategisk planlegging og samarbeid mellom innbyggarar, næringsliv og kommune kan regionen både styrke turismen og sikre trivselen i lokalsamfunnet.