Medlemsundersøking

Visit Fjordkysten og Sunnfjord er godt i gang med arbeidet for å oppnå Merket for berekraftig reisemål. Ordninga bygger på ein standard med kriterier og indikatorar som reisemålet må måle, analysere, besvare, – og som reisemålet så vert vurdert og eventuelt godkjent etter. Det er behov for brei deltaking og mange må bidra med informasjon for å klare kravene. Medlemsundersøkinga vert gjennom ført kvart 3.år og er eit viktig verktøy for å informere og engasjere medlemmane våre.

Haust 2023 og Vår 2024

Visit Fjordkysten og Sunnfjord gjennomførte medlemsundersøking hausten 2023. Kort oppsummert viser resultata frå undersøkinga at fleirtalet av medlemane har gjennomført tiltak knytta til klimagassreduksjon, energieffektivitet og avfallshåndtering. Det er òg entusiasme for tiltak som styrkar relasjonen mellom reiseliv og lokalbefolkninga, samt samarbeid med andre verksemder.

Tilbakemeldingane frå medlemane er positive, blant anna med omsyn til lokal involvering, opplæring og tilbod om kurs for reiselivsbedrifter. Men det er òg forbetringspotensiale med omsyn til offentleg transport og resirkuleringsstasjonar.

Dessverre var svarprosenten på medlemsundersøkinga lav og oppfyller ikkje kravene i Merket for Berekraftig reisemål, vi håpar derfor at endå fleire set av tid til å gi oss ei tilbakemelding.

Gå inn og svar på undersøkinga no!