Kva betyr Merket for Berekraftig Reisemål?
Merket for Berekraftig Reisemål viser at vi jobbar målretta for å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturen og kulturarven, og styrke dei positive effektene reiselivet har på lokalsamfunna. Det er ikkje eit sluttmål, men ei forplikting til å arbeide kontinuerleg for å bli betre.
Reisemål som er merka som Berekraftig reisemål får ekstra synligheit på visitnorway.com og gjennom Innovasjon Norge sine reiselivsaktiviteter i inn- og utland, reisemålet kan òg nytte sin status som merka for å vise et aktivt ansvar ei meir berekraftig reiselivsutvikling.
Korleis kan di bedrift bidra?
Som reiselivsaktør kan du bidra på fleire måtar:
- Bli medlem av Visit Fjordkysten og Sunnfjord: Dette støttar arbeidet med berekraftig utvikling i regionen.
- Engasjer deg: Delta på Kick-off, reiselivsforum og svar på undersøkingar og forespørsler.
- Jobb med berekraft i eigen bedrift: Auka bevisstheita blant de ansatte, implementer berekraftsmål, eller bli miljøsertifisert.
- Gi kundane gode råd: Hjelp gjestene til å ta ansvarlege val før, under og etter besøket.
Kontakt oss
Har du spørsmål eller treng du hjelp til ditt arbeid med berekraft? Ta gjerne kontakt med oss!