Kvifor bli med på dette
Vi tilbyr løysingar som gir synlegheit, effekt og profesjonell gjennomføring – uansett om du treng foto, film, marknadsføring eller plass i Interaktiv Destinasjon.
Her er nokre av grunnane til at bedrifter vel å samarbeide med oss:
Unikt verktøy
Interaktiv Destinasjon er unikt i Noreg og gir synlegheit for di bedrift både overfor norske og internasjonale turoperatørar – og eit motivert publikum på fjordnorway.com.
Høg kompetanse og effektiv produksjon
Vi tilbyr profesjonell produksjon av foto og film til gunstige prisar, og hjelper deg å vise fram det unike ved di verksemd på ein autentisk og inspirerande måte.
Leiande reiselivsportal
Nettsida fjordnorway.com er Vestlandet sin største plattform for reiseinspirasjon, med 2,4 millionar brukarar og rundt 8 millionar sidevisningar i 2024.
Dette gir di bedrift synlegheit på ein arena med høg kvalitet og stort nedslagsfelt.
Dokumentert effekt
Vi leverer kampanjar med solide resultat – høge klikkratar, lang lesetid og eit engasjert publikum som faktisk tek handling.
Skreddarsydde løysingar
Våre fleksible pakkeløysingar vert tilpassa dine behov og mål.
Du vel sjølv kor mykje du vil gjere sjølv, og kor mykje du ønskjer at vi skal produsere og drifte for deg.