Profesjonelle bilete frå heile regionen

Som medlem får du tilgang til vår store bildebank med profesjonelle foto frå Fjordkysten & Sunnfjord. Her finn du inspirerande bilete frå natur, aktivitetar, kultur og overnatting – klare til bruk i marknadsføring og sal.

TILGANG TIL FOTO FRÅ HEILE DESTINASJONEN

Innhald i bildebanken

  • Foto frå heile destinasjonen – både kyst, fjord og innland.
  • Motiva spenner frå natur og friluftsliv til lokal mat, vertskap og kultur.
  • Nye bilete vert lagt til kvart år, slik at du alltid har oppdatert innhald.

Retningslinjer for bruk

  • Bileta skal krediterast Visit Fjordkysten og Sunnfjord.
  • Bileta kan nyttast i marknadsføring av eiga verksemd og regionen.
  • Bileta kan ikkje seljast, delast vidare med tredjepartar eller nyttast til andre kommersielle føremål utan særskild avtale med Visit Fjordkysten og Sunnfjord.
  • Det er ikkje tillate å manipulere, redigere eller endre bileta, verken ved bruk av kunstig intelligens eller andre digitale verktøy.
  • Bileta skal nyttast i si opphavlege form og må ikkje brukast på ein måte som gir eit misvisande inntrykk av motivet eller reisemålet.
  • Sjølv om ei verksemd har tilgang til bileta, inneber ikkje dette eigarskap. Rettane til bileta ligg hos Visit Fjordkysten og Sunnfjord. Unntak gjeld dersom verksemda har kjøpt bileta og fått avtalt eigarskap eller utvida bruksrett. I slike tilfelle blir det utarbeidd ein eigen skriftleg avtale som regulerer eigarskap, bruksrett og eventuelle vilkår for bruk.
Gå til bildebanken Bli medlem

Vil du ha tilgang til bildebanken?

Ta kontakt med Ida Eim,
PR- og produksjonsansvarleg

Send epost til Ida