Styrking av Kystpilegrimsleia
Denne veka deltok Visit Fjordkysten og Sunnfjord i møte med Ressursgruppa for Regionalt Pilegrimssenter Selje, for å diskutere vidareutviklinga av Kystpilegrimsleia. Pilegrimsarbeidet skal bidra til verdiskaping og positiv utvikling langs leia, og ressursgruppa har som mål å styrke samarbeidet rundt dei viktigaste nøkkelstadane i vår region.
Kystpilegrimsleia, som strekkjer seg frå Egersund til Nidarosdomen i Trondheim, byr på ei reise gjennom både storslått natur og kulturhistoriske skattar. I vår region er fire nøkkelstadar, knytt til Regionalt Pilegrimssenter Selje, spesielt sentrale: Kvernsteinsparken i Hyllestad, Kinnakyrkja, Svanøy Hovudgård og Gulatinget.
Gulatinget, som var ein av dei eldste og mest innverknadsrike tingsamlingane i Noreg, er eit viktig medlem hos oss. Denne staden har djupe historiske røter og har spelt ei sentral rolle i utviklinga av norsk lov og rett. Kvernsteinsparken i Hyllestad gir ein unik sjanse til å oppleve historia om kvernsteinsproduksjonen, medan Kinnakyrkja, ein av Noregs eldste steinkyrkjer, representerer vår rike religiøse arv. Svanøy Hovudgård, kjend som «Perla i Sunnfjord,» gir eit innblikk i historia til herregardane i regionen.
Under møtet i Selje vart det diskutert korleis desse nøkkelstadane kan bli endå meir synlege og tilgjengelege for pilegrimar og andre besøkande. Visit Fjordkysten og Sunnfjord jobbar for å fremje desse stadane som sentrale stopp på Kystpilegrimsleia. Gjennom vår deltaking i ressursgruppa ønsker vi å bidra vi til at fleire får oppleve den rike kulturarven og dei naturlege omgivnadene som vår region har å by på.
Dette engasjementet er ein del av vår langsiktige strategi for å styrke berekraftig turisme og lokal verdiskaping. Vi ser fram til å fortsette dette viktige arbeidet og til å bidra til at Kystpilegrimsleia blir ei endå meir attraktiv og berikande reiseoppleving for alle som vandrar langs denne historiske leia.
Arbeidet i Ressursgruppa er forankra i Strategi-for-pilegrimssatsing-2012.pdf (pilegrimsleden.no) og Langtidsplan_Pilegrimsleden.pdf
1.-2.oktober kan du delta på Kystpilegrimskonferansen 2024 som blir arrangert på Stadlandet, nær nøkkelstaden Selja kloster, i samarbeid mellom Selje, Smøla, Bergen og Avaldsnes regionale pilegrimssenter.
Les meir om Kystpilegrimsleia her: Pilegrimsleden | Kystpilegrimsleia

