Marknadsplanen for 2023 er no ferdigstilt, de kan sjå den og laste den ned her. Vi har lagt til eit årshjul for medlemmane våre på siste side, slik at ein enklare kan følge med på kva som bør leverast inn til oss til ei kvar tid. Vi anbefaler våre medlem om å planlegge innhald og tiltak, for å få mest mogleg synlegheit og vere i forkant med riktig informasjon og innhald.
Vi i Fjordkysten & Sunnfjord ønskjer å satse meir på B2B arbeid, og nærmare arbeid med turoperatørar.
Det er mange ulike fordelar med å jobbe med turoperatørar. Her har du tilgang på eit stort salgsapparat som er ute og sel for deg på dine vegner, og du slepp å vere til stades sjølv ute i markedet og sette deg inn i ulike språk og kulturforskjellar. Du når også ut til ulike kundegrupper og segment avhengig av kva operatørar du vel å jobbe med. Turoperatørane sit på ein massiv markedskunnskap om kva gjesten forventar når han kjem, og kan derfor hjelpe til med tilrettelegging og planlegging ut i fra dette. Dette gjer og at du kan få god innsikt i kva ulike kundar er interessert i, og det kan dermed gjere det enklare å jobbe med produktutvikling for deg som ønskjer å ha eit attraktivt produkt.
Sjå gjerne denne filmen, Siri Tallaksen i Innovasjon Norge forklarar litt meir om kvifor det blir viktigare å jobbe med reisearrangørar.
Kva er det kundane er opptatt av?
Kundane er ute etter at det skal vere lett å planlegge, og gjerne eit skreddarsydd opplegg for deira behov. Dei vil ha unike opplevelsar, og gjerne lengre feriar men med meir innhald. Mindre fotavtrykk er og ein viktig faktor.
Vår rolle
Vi i Fjordkysten & Sunnfjord kjem til å delta på fleire ulike møteplassar med turoperatørar og incoming operatørar, som workshops og B2B-messer. Her sel vi inn medlemmane våre og det vi har å tilby i destinasjonen vår. Vi kjem etter kvert til å ha knytta gode kontaktar i dei markeda som kundane dine befinn seg i, som vil resultere i eit fantastisk nettverk. Et godt samarbeid med medlemmane våre vil gjere det enklare for oss å sette turoperatørane våre i kontakt med dei riktige folka.
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2023/02/oversiktsbilete-av-oya-kinn-foto-visit-fjordkysten.jpg8531280Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2023-02-08 09:19:372023-02-08 09:19:37Kva er fordelane med å jobbe med turoperatørar?