Feil i rutetabell: Florø- og Kinn-brosjyra

Vi blei nyleg gjort oppmerksom på at det ikkje går sommarrute til Kinn onsdagar kl.10.00 slik som vi har oppgitt i våre brosjyrer for Florø og Kinn.

Det viser seg at det har stått feil i rutetabellen på skyss.no som vi har nytta som grunnlag for oppdatering av våre brosjyrer, og som informasjon til våre gjestar i turistinformasjonen.

I turistinformasjonen har vi no foretatt ein manuell korrigering av alle våre brosjyrer og vi har sendt ut e-post til aktuelle aktørar i Florø med informasjon om feilen.

Vi har bede om å få oppdatert dei digitale versjonane så raskt som mogeleg, men på grunn av ferieavvikling er det foreløpig usikkert når dette vil bli klart.

Vi beklagar ulempen dette måtte medføre både for aktørar og gjestar i Florø!