Førstehjelpskurs

Måndag 1. desember fekk Visit FjordKysten og Sunnfjord saman med tilsette hos Måløyraidsenteret innføring i dei viktigaste stega innan førstehjelp. Kurset vart gjennomført av Røde Kors Florø.

Det som kjenneteiknar dei aller fleste førstehjelpssituasjonar, er at dei skjer brått og uventa. Difor bør alle ha grunnleggande kunnskap om den viktigaste førstehjelpa. Under førstehjelpskurset fekk vi grunnleggande kunnskap og ferdigheiter for å kunne handtere akutte situsjonar. Kurset tok for seg vurdering av skadestad, livreddande førstehjelp som hjarte-lungeredning (HLR), behandling av skadar som blødningar, brannskadar og brot, samt handtering av medvitlause personar. Det vart også lagt vekt på kor viktig det er å kontakte naudetatane raskt og gje presise opplysningar.

Gjennom praktiske øvingar og realistiske scenario sikra vi også ei god forståing av førstehjelpsprosedyrar slik at vi er betre rusta til å handle trygt og effektivt om vi skal komme i ein nødssituasjon.

Stor takk til Røde Kors Florø og Brit Helga Tødenes som leia oss trygt gjennom kurset :)