Høyring: Forslag til lov om besøksbidrag
Regjeringa har sendt på høyring eit forslag som gir kommunane moglegheit til å innføre eit besøksbidrag for å finansiere fellesgoder i område med høgt turismepress. Forslaget omfattar alt frå hoteller til campingplassar, Airbnb og gjestehamner, og inneber ein frivillig kommunal overnattingsavgift på inntil 5 % av overnattingsprisen. Målet er å sikre betre finansiering av tiltak som stiar, toalett og avfallshandtering, til nytte for både turistar og lokalbefolkninga.
Erfaringar frå andre land viser at besøksbidrag kan gi viktige inntekter som styrkar lokalsamfunn og tilrettelegging for turisme, utan å redusere attraktiviteten til destinasjonen.
Samtidig har forslaget fått kritikk. NHO Reiseliv fryktar at ein overnattingsavgift kan svekke konkurransekrafta til Noreg som reisemål, særleg i møte med tøff internasjonal konkurranse. Andre peiker på at cruiseturistar og villcampere, som også belastar lokale fellesgoder, ikkje er inkludert i ordninga.
Vi treng dine synspunkt!
Visit Fjordkysten og Sunnfjord ønsker å samle innspel frå medlemmane våre for å utarbeide eit felles høyringsinnspel som speglar både utfordringar og moglegheiter. Neste veke sender vi ut eit skjema på e-post, der du kan dele dine vurderingar. Dine innspel vil vere verdifulle for å skape ei løysing som balanserer behova til lokalsamfunna og reiselivsnæringa.
Vi oppmodar også til at aktørar sender eigne høyringsinnspel direkte til regjeringa innan fristen 3. januar 2025.
Saman kan vi påverke framtida for eit berekraftig reiseliv i vår region. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss.
For meir informasjon om forslaget og høyringsnotatet, kan du lese meir på regjeringa sine sider.


