KAMPANJERAPPORT

Slik har vi nådd ut med FjordKysten og Sunnfjord i sommar


Før og gjennom sommaren har vi gjennomført fleire store kampanjar for å skape reiselyst og synlegheit for FjordKysten og Sunnfjord. Med over 3 millionar eksponeringar og godt over 100 000 brukarar på fjordkysten.no, ser vi tydeleg at både bodskap og innhald har fenga målgruppene.

Resultat og erfaringar frå sommarkampanjane

I rapporten får du ei oversikt over aktivitetane, nøkkeltala og kva vi har oppnådd gjennom kampanjane.

Takk til alle medlemmar som har bidrege med innhald og samarbeid undervegs – dette er eit felles løft som styrkar oss som destinasjon.

Korleis har sommaren vore for di bedrift? 

For at vi skal kunne planleggje og optimalisere våre tiltak framover, er vi heilt avhengig av ei tilbakemelding frå deg som er medlem av FjordKysten og Sunnfjord. Når du tek deg nokre minutt til å svare på undersøkinga, gir du oss verdifull innsikt som gjer at vi kan treffe endå betre med neste års kampanjar.