Go your own way

På denne sida finn du hovudretninga for kommunikasjonskonseptet Go your own way; kjernebodskap, tone, stemning og dei tekstlege byggesteinane som formar uttrykket vårt. Dette er verktøyet for alle som skal kommunisere Fjordkysten og Sunnfjord på ein samla og inspirerande måte.

Kommunikasjonskonseptet vårt

Her kan alle finne sin veg. FjordKysten og Sunnfjord inviterer deg til imponerande natur- og kulturopplevingar med stor spennvidde. Rett og slett meir armslag for deg som vil utforske ein vill og uoppdaga del av Noreg!

Vi inviterer deg hit, ikkje berre for å utforske, men kanskje mest for å kjenne at du lever. Her er det rom for deg. Nær kultur og natur. Nær livet.

Bølgjer som slår mot øyriket i vest – ved kanten av storhavet. Stupbratte fjell med stålblanke brear. Djupe, blå fjordar og utemma fossar. Spegelblanke, mystiske vatn der auren leikar. Historiske attraksjonar og eit mangfaldig kulturliv. Eit sceneri som samlar ingrediensane for ekte magi!

Våre vegar fører deg akkurat hit. Ein stad ikkje alle veit om – enno!

Sjå kommunikasjonskonseptet og døme på korleis det kan brukast

Norsk

Engelsk