Digitale kampanjar og sosiale medium

Digitale kampanjar og sosiale medium er sentrale verkemiddel for å synleggjere Fjordkysten og Sunnfjord som reisemål. Gjennom målretta kampanjar jobbar Visit Fjordkysten og Sunnfjord med å skape merksemd, inspirasjon og reiselyst hos prioriterte målgrupper i inn- og utland.

Korleis kan du som reiselivsaktør delta?

Reiselivsaktørar kan delta i digitale kampanjar gjennom samarbeid med Visit Fjordkysten og Sunnfjord. Kampanjane blir gjennomførte som eigne destinasjonskampanjar, eller i samarbeid med regionale og nasjonale aktørar som Visit Norway og Fjord Norge.

Deltaking skjer vanlegvis i samband med planlagde kampanjar retta mot definerte marknader og målgrupper. Aktørar kan bli inkluderte i kampanjar både i regi av destinasjonsselskapet aleine og i felles satsingar på tvers av destinasjonar og nivå.

Deltaking kan mellom anna innebere å:

  • bidra med produkt, opplevingar eller overnatting
  • dele innhald som foto, video eller historier
  • vere synleg som del av ei felles kampanje eller tematisk satsing

Aktørar som deltek, blir inkluderte i kampanjearbeidet innanfor dei rammene og prioriteringane som er sette for den aktuelle kampanjen.

Kva får du igjen?

Gjennom deltaking i digitale kampanjar får reiselivsaktørar moglegheit til å bli synlege i profesjonelle og målretta marknadsføringsløp, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Kampanjane er utvikla for å styrkje kjennskapen til regionen og skape interesse for opplevingar og tilbod i Fjordkysten og Sunnfjord.

Deltaking kan gi:

  • auka synlegheit i relevante digitale kanalar
  • eksponering gjennom kampanjar i samarbeid med Visit Norway og Fjord Norge
  • tilgang til destinasjonsbasert marknadsføring og kompetanse
  • synleggjering overfor prioriterte marknader og målgrupper
  • plass i ei samla og tydeleg destinasjonsforteljing

Digitale kampanjar er ein del av det langsiktige arbeidet med å styrkje verdiskaping og berekraftig utvikling i reiselivet.

Planlagte kampanjar

Her får du ei oversikt over kampanjar vi jobbar med no.

KampanjePeriodeMarknadKort beskriving
Go your own way Mars-April 2026, Juli-August 2026NoregNasjonal forbrukarkampanje sommar
Go your own way Mars-April 2026, Juli-August 2026 Tyskland, Nederland, UK Internasjonal forbrukarkampanje sommar
Dette er haustens reisemålJuli-August 2026NorgeNasjonal forbrukarkampanje haust
Winter in contrastSeptember-November 2026Tyskland, Nederland, UK Internasjonal forbrukarkampanje vinter
Opplev førjulstida i Fjordkysten og SunnfjordNovember-Desember 2026Tidl. Sogn & Fjordane, Hordland, VossRegional førjulskampanje

Tidlegare kampanjar og resultat

Her finn du ei oversikt over utvalde kampanjar som er gjennomførte i regi av Visit Fjordkysten og Sunnfjord, åleine eller i samarbeid med regionale og nasjonale aktørar. Kampanjane gir innsikt i korleis marknadsarbeidet har vore gjennomført over tid.

Første kampanje for 2025: «Go Your Own Way» – ein sterk start på sommaren!

Frå 14. april til 16. mai gjennomførte Visit FjordKysten og…

Vil du vite meir om digitale kampanjar?

Ta kontakt med oss dersom du ønskjer meir informasjon om digitale kampanjar, moglegheiter for deltaking eller samarbeid i kommande satsingar.

Ta kontakt med Lillian Herland,
marknad- og kommunikasjonsansvarleg

Send epost til Lillian