Forbrukarmarknadsføring
Visit FjordKysten og Sunnfjord skapar reiselyst og verdiskaping gjennom målretta marknadsføring – frå hav til bre, i eit romsleg og urørt Vestland. Visjonen vår er å skape reiselyst heile året, og kampanjane våre er eit viktig verkemiddel for å nå målet.
Gjennom året utviklar vi kampanjar som styrkjer regionen si attraksjonskraft og gjev synlegheit til medlembedriftene. Vi rettar oss særleg mot dei eventyrlystne og dei kunnskapssøkande, med utgangspunkt i kommunikasjonskonseptet Go Your Own Way – som framhevar ekte opplevingar, god plass, kontrastfylt natur og levande kulturarv.
Våre kampanjar er utforma for å gje
Auka synlegheit
i prioriterte marknader og kanalvalde flater
Sterk historiefortelling
med høgkvalitets innhald (tekst, bilete og video)
Salsutløysande effekt
med lenker til booking og konkrete produkt
Støtte til medlemer
gjennom felles synlegheit og individuelle bidragsmoglegheiter




