Presse og PR

Presse- og PR-arbeid er ein viktig del av arbeidet med å synleggjere Fjordkysten og Sunnfjord som reisemål. Gjennom målretta arbeid mot norske og internasjonale medium bidreg Visit Fjordkysten og Sunnfjord til å byggje kjennskap, truverd og interesse for regionen.

Kva inneber presse- og PR-arbeidet?

  • Kontakt og dialog med presse og journalistar
  • Tilrettelegging og gjennomføring av presseturar
  • Formidling av historier, tema og nyhende frå regionen
  • Koordinering av presseførespurnader
  • Samarbeid med Visit Norway, Fjord Norge og andre partnarar

Korleis kan du som reiselivsaktør bidra?

Reiselivsaktørar spelar ei sentral rolle i presse- og PR-arbeidet. Bidrag frå lokale aktørar er avgjerande for å kunne tilby relevante og autentiske historier til media.

Aktørar kan bidra gjennom å:

  • stille med opplevingar, overnatting eller aktivitetar til presseturar
  • dele nyhende, arrangement eller satsingar
  • bidra med lokal kunnskap, vertskap og historier

Kva får du som aktør igjen?

  • Redaksjonell omtale med høg truverd
  • Synlegheit i norske og internasjonale medium
  • Profilering av både eigen verksemd og regionen
  • Langsiktig verdi gjennom redaksjonelt innhald

Presseartiklar

Her finn du døme på pressearbeid og redaksjonell omtale som er gjennomført i regi av Visit Fjordkysten og Sunnfjord, åleine eller i samarbeid med regionale og nasjonale aktørar.

Ønskjer du å vite meir om presse og PR?

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om pressearbeid, presseturar eller mogleg samarbeid.

Ta kontakt med Ida Eim,
PR- og produksjonsansvarleg

Send epost til Ida