Bordryttere
Vi ønskjer at gjestane som er i regionen skal bli lenger og oppleve meir. Eit viktig tiltak for å kunne oppnå dette er å tilgjengeleg gjere informasjon til gjestane når dei faktisk er i regionen. Difor har vi utarbeida eksempler av bordryttere. Malen er utvikla av Visit Haugesund
Kva er bordryttere?
Bordryttere er eit viktig tiltak for å kunne tilgjengeleg gjere informasjon til gjestar som allereie er i regionen. Desse er liten og har eit flott design som står seg fint på bord, i resepsjonen eller i disken i ditt lokale. Bordrytteren har QR koder til nyttige sider på fjordnorway.com. Her går lenkene inn til sider som ting å gjere, arrangementkalenderen i FjordKysten og Sunnfjord, og til landingssida for det gitte reisemålet. Bordrytteren har tekst på engelsk, norsk og tysk. Alle som er medlem av destinasjonsselskapet vil vere synleg her.
Kvifor sida ting å gjere er viktig
Eitt av dei mest spurde spørsmåla vi får i turistinformasjonen, er kva turisten kan gjere på når dei først er komen til staden. Ei av sidene som bordrytteren er knytt opp til, er sida som heiter ting å gjere. Denne landingssida er knytt til opningstidene som de legg inn på fjordkysten.no. Når opningstidene er tilgjengeleg hos oss, vil produktet ditt dukke opp i sida ting å gjere frå den dagen dei er på, til ei veke fram i tid. Dette gir turisten ei flott oversikt over kva dei kan oppleve i det tidsrommet dei er på reismålet.
Ønskjer du å ha slike ståande hos deg?
Visit FjordKysten og Sunnfjord står for produksjonskostnad, men for at vi skal kunne produsere opp eksemplarer, er vi heilt avhengig av at dei vert brukt. Vi ønskjer difor tilbakemelding på kven som ønskjer å ha desse ståande hos seg. I lenka under finn du informasjon om kva reisemål som kan få kvar sin bordrytter. Vi vil produsere og printe desse i starten av april. Frist for å melde inn er difor satt til 31. mars



