Sosiale medium rapport Q1 2026
Gode tal frå Q1
I første kvartal 2026 har FjordKysten og Sunnfjord sine sosiale medium samla sett nådd ut til over ein halv million menneske, noko som stadfestar god synlegheit og brei distribusjon av innhaldet vårt.
Samarbeidsinnlegg ikkje inkludert i rapporten
Samtidig er det viktig å merke seg at delar av Instagram-aktiviteten ikkje er inkludert i denne statistikken. Vi har gjennom Q1 hatt 6 samarbeidsinnlegg med Fjord Norway, og 2 samarbeidsinnlegg med Visit Norway, og berre desse innlegga åleine har godt over ein halv million visningar. Vi planlegg for fleire samarbeidsinnlegg med både Fjord Norway og Visit Norway i løpet av Q2.
Vi ser også sterke kvalitetssignal i form av høg auke i lagringar og god utvikling i delingar, som er sentrale KPI-ar for å måle faktisk verdi og relevans i dagens sosiale medium. Dette viser at innhaldet ikkje berre blir sett, men også aktivt tatt vare på og delt vidare av målgruppa.
Samla sett gir dette eit solid grunnlag for vidare arbeid, med både brei rekkevidde og aukande engasjement i kanalane våre.
Last ned SoMe rapport for Q1 2026
Ønskjer du å lese meir om kva innlegg som engasjerer mest i våre sosiale medium plattformar? Då kan du laste ned rapporten vår i lenka under.
Har du spørsmål vedrørande våre sosiale medium plattformar?


