Personvernerklæring

Sist oppdatert: 13. mars 2026

Denne personvernerklæringa fortel korleis Visit Fjordkysten og Sunnfjord AS samlar inn og brukar personopplysningar.

Behandlingsansvarleg

Visit Fjordkysten og Sunnfjord AS
Strandgata 30, 6900 Florø
Org.nr.: 995 314 401
E-post: mail@fjordkysten.no
Erklæringa gjeld for: www.visitfjordkysten.no

Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).

Databehandlar

Vår databehandlar på denne nettstaden er: Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240. Vi har databehandlaravtale med Mediebruket AS, som har teieplikt.

Vi nyttar også HubSpot Inc. som databehandlar for skjema, e-postmarknadsføring og CRM. HubSpot har eigne databehandlaravtaler og er sertifisert under EU–US Data Privacy Framework.

Kva personopplysningar vi samlar inn, kvifor og på kva grunnlag

Informasjonskapslar (cookies)

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plasserte på datamaskina di når du besøker ei nettside. visitfjordkysten.no nyttar informasjonskapslar frå fleire kjelder, og vi ber alltid om samtykke via eit samtykkeverkty (cookie consent) før ikkje-naudsynte kapslar vert aktiverte.

Nettstaden nyttar følgjande kategoriar av informasjonskapslar:

  • Naudsynte kapslar: Desse er påkravde for at nettstaden skal fungere korrekt. Dei krev ikkje samtykke. Grunnlag: GDPR art. 6 f (legitim interesse).
  • Analysekapslsar (Google Analytics): Vi nyttar Google Analytics til å samle inn anonymisert statistikk om korleis besøkande brukar nettstaden (td. tal på sidevisingar, kvar trafikken kjem frå og kor lenge brukarane er på sida). IP-adresser vert anonymiserte. Grunnlag: GDPR art. 6 a (samtykke).
  • Google Search Console: Vi nyttar Google Search Console til å overvake og analysere korleis nettstaden presterer i Google-søk. Dette verktyet samlar ikkje inn personopplysningar direkte frå besøkande. Grunnlag: GDPR art. 6 f (legitim interesse).
  • HubSpot: HubSpot-plattforma nyttar informasjonskapslar til å identifisere tilbakevendande besøkande og koble desse til CRM-systemet. Dette vert berre aktivert etter samtykke. Grunnlag: GDPR art. 6 a (samtykke).

Du kan til kvar tid endre eller trekkje tilbake samtykket ditt via samtykkeverktyet på nettstaden. Du kan også stille inn nettlesaren din til å avvise kapslar, men dette kan påverke funksjonaliteten til nettstaden.

Registrering av nyheitsbrev via skjema

Når du melder deg på nyheitsbrev via skjema på nettstaden, vert følgjande opplysningar samla inn:

  • E-postadresse

Opplysningane vert lagra i HubSpot og vert nytta til å sende deg nyheitsbrev frå Visit Fjordkysten og Sunnfjord AS. Du kan til kvar tid melde deg av nyheitsbrevet via avmeldings-lenka i e-posten eller ved å ta kontakt med oss.

Grunnlag: GDPR art. 6 a (samtykke).

Medlemsregistrering via skjema

Når du registrerer deg som medlem via skjema på nettstaden, vert følgjande opplysningar samla inn:

  • Namn
  • Verksemdsnamn / organisasjonsnummer
  • Kontaktperson
  • E-postadresse
  • Telefonnummer
  • Adresse

Opplysningane vert lagra i HubSpot og vert nytta til å handtere medlemskapet ditt og halde kontakt med deg om relevante saker. Sensitiv informasjon skal ikkje sendast via skjema.

Grunnlag: GDPR art. 6 b (naudsynt for å oppfylle avtale).

Media

Viss du lastar opp bilete til nettstaden, bør du unngå å laste opp bilete med innebygde plassdata (EXIF GPS). Viss ikkje desse dataene er fjerna, kan dei som får tilgang til biletet kanskje sjå kor og når biletet er teke, og kva kamera som er nytta.

Kven vi deler opplysningane dine med

Opplysningar som vert sendt inn via skjema vert lagra hos vår databehandlar HubSpot Inc. og på server hos Mediebruket AS. Nettstaden er bygd på WordPress-plattforma. Analysedata vert delte med Google via Google Analytics. Vi deler ikkje personopplysningar med andre tredjepartar utan at det ligg føre eit særskilt grunnlag for dette.

Vi nyttar ikkje personopplysningar til automatiserte avgjerder eller profilering.

Kor lenge vi lagrar opplysningane dine

  • Skjemadata (nyheitsbrev): Lagrast i HubSpot så lenge du er abonnent. Etter avmelding vert e-postadressa markert som avmeldt og ikkje nytta til utsending.
  • Skjemadata (medlemsregistrering): Lagrast så lenge medlemskapet er aktivt. Etter utmelding vert opplysningane sletta eller anonymiserte innan rimeleg tid.
  • Analysedata (Google Analytics): Anonymiserte data lagrast i Google Analytics i samsvar med vår konfigurerte oppbevaringsperiode (standard 14 månader).
  • Brukarkontoar: Lagrast så lenge brukaren ønskjer å ha tilgang. Alle brukarar kan sjå, endre og slette eigne opplysningar når som helst, med unntak av brukarnamn.

Kva rettar du har

Etter GDPR har du følgjande rettar knytt til opplysningane vi har om deg:

  • Innsyn: Du kan be om å få sjå kva opplysningar vi har registrert om deg.
  • Retting: Du kan be om at feilaktige opplysningar vert retta.
  • Sletting: Du kan be om at opplysningar om deg vert sletta.
  • Avgrensing: Du kan be om at behandlinga av opplysningane dine vert avgrensa.
  • Dataportabilitet: Du kan be om å få utlevert opplysningane dine i eit maskinlesbart format.
  • Trekkje tilbake samtykke: Der behandlinga byggjer på samtykke, kan du trekkje det tilbake når som helst, utan at dette påverkar lovlegheita av behandling som er utført før tilbaketrekkinga.

For å nytte deg av desse rettane, ta kontakt med oss på post@visitfjordkysten.no.

Merk at nokre av desse rettane kan vere avgrensa av lovpålagte lagringsplikter eller andre omsyn.

Klagerett

Du har rett til å klage til Datatilsynet dersom du meiner vi behandlar personopplysningane dine i strid med personvernregelverket. Meir informasjon finn du på www.datatilsynet.no.

Har du spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningar, ta kontakt med oss på mail@fjordkysten.no.