Risiko og beredskap

Fjordkysten og Sunnfjord er ein region prega av stor naturvariasjon, unike opplevingar og eit varierande klima. Samtidig inneber dette at det kan oppstå hendingar som påverkar tryggleiken og opplevinga til både innbyggjarar og besøkande. For å sikre beredskap og tryggleik i regionen, er det viktig å forstå risikoen knytt til ulike hendingar og arbeide proaktivt for å redusere potensielle konsekvensar.

Naturhendingar

Hendingar utløyst av korte eller langvarige variasjonar i natur og klima, som ekstremvêr og jordskred, er vanlege i regionen:

  • Skred: Vestland fylke er særleg utsett for skred på grunn av kombinasjonen av bratt terreng og høg nedbørsmengde. Klimaendringar kan føre til hyppigare skred og nye risikoområde.
    • Typar: Jordras, steinskred, snøskred.
  • Flaum: Vanlegast om hausten, der kraftig regnvêr eller snøsmelting kan føre til flaum.
    • Relatert risiko: Stormflo og høg vannføring i elver.
  • Sterk vind: Velvarsla, men krev planlegging for å sikre laus eigedom og redusere skade.

Ulykker

Menneskeleg aktivitet kan føre til ulykker med store konsekvensar for liv, helse, miljø og eigedom:

  • Vegtrafikkulykker: Smale vegar i regionen krev ekstra aktsomheit.
  • Ulykker på sjøen: Ofte knytt til fritidsaktivitetar som fiske eller båtbruk.
  • Brann: Både i bygningar og som skogbrann.

Kritisk infrastruktur

Samfunnet er sårbart ved bortfall av infrastruktur som straum og elektronisk kommunikasjon (EKOM). Langvarige avbrot kan gi store utfordringar for både innbyggjarar og reiseliv.

Helse

Sjukdom og smitte kan ha alvorlege konsekvensar:

  • Smittsame sjukdommar: Covid-19-pandemien har vist at slike utbrot påverkar både lokalsamfunn og reiseliv.
  • Forureining av drikkevatn: Kan oppstå ved kraftig regnvêr eller tekniske feil.

Tilsikta hendingar

Hendingar som er viljestyrte, med mål om å skape frykt eller skade, inkluderer:

  • Pågåande livstrugande vald (PLIVO): Som angrep på personar eller eigedom.
  • Angrep på IT-infrastruktur: Risiko for hacking eller sabotasje som påverkar samfunnet.

Naturbasert reiseliv og sikkerheit

Naturen i Fjordkysten og Sunnfjord byr på spektakulære opplevingar, men òg risiko for gjester med manglande erfaring eller kompetanse. Sikkerheitsarbeidet må ta omsyn til desse utfordringane:

  • Aktivitetar på eller ved vatn: Sikkerheit ved fiske, båtbruk, kajakkpadling og stormwatching.
  • Bre og fjell: Risiko knytt til skred, uerfarne turgåarar og krevjande verforhold terreng.
  • Friluftsliv generelt: Brannfare, utrygg is og trafikkfarlege situasjonar på smale vegar.