Studietur til Valldal
Denne veka har vi vore på studietur til Valldal i regi av Klar Bedrift og Salsprosjektet i Solund. Med på turen var representantar frå Solund kommune, Visit FjordKysten og Sunnfjord, Salsprosjektet i Solund og Klar Bedrift.
Gjennom innhaldsrike dagar fekk vi verdifull innsikt i arbeidet til destinasjonsselskapet Visit Northwest, næringsselskapet i Fjord Kommune, Fjordhagen, og samarbeidsnettverket Valldal the Adventure Valley. Turen gav gode moglegheiter for erfaringsutveksling, faglege diskusjonar og inspirasjon til vidare utviklingsarbeid i vår eigen region.
Samarbeid og felles satsingar på tvers av regionar
Vi hadde også eit svært nyttig møte mellom Visit FjordKysten og Sunnfjord og Visit Northwest, der vi diskuterte moglegheiter for samarbeid og felles satsingar framover.
Vi ønskjer å rette ein stor takk til Klar Bedrift for invitasjon og eit flott opplegg. Takk også til ordførar i Fjord kommune, Therese Jemtegård, for ei flott omvising i Valldal, til Tom Erling Bahus for god oppvartning på Valldal Fjord Lodge, og til Khaya og Valldal Fjord Hotel for gode matopplevingar under opphaldet.
Studieturar som dette gir verdifulle perspektiv, styrkar nettverk og skapar nye moglegheiter for samarbeid på tvers av regionar.
Av Lillian Herland
Publisert 22. mai 2026










