Vegkart for reiseliv 2025-2030

Besøksnæringa er viktig for regionen vår, og er av Regjeringa definert som ei strategisk vekstnæring. Det er mange endringar på gang av relevans for reiselivet, og ein nøkkelfaktor for å lukkast med ei framtidsretta reiselivssatsing er ein større grad av samarbeid og samhandling. Eit felles Vegkart har som ambisjon å sikre ei heilskapleg og langsiktig reisemålsutvikling.

Visit FjordKysten og Sunnfjord oppmodar medlemskommunane og reiselivsaktørane til å drøfte framlegget til Vegkart grundig, og komme med sine innspel og tilbakemeldingar innan 25. oktober 2024.

Alle kan avgje høyringssvar. Du kan avgje høyringssvar på vegne av deg sjølv, ei bedrift eller ein organisasjon. Vi ber deg og vurdere om det er behov for å leggje fram Vegkartet for andre som ikkje er nemnt i høyringslista.