Verdas auge retta mot Vestlandet – Fjordkysten Regional- og Geopark er blitt UNESCO Global Geopark
Fjordkysten Regional- og Geopark er no offisielt godkjent som ein UNESCO Global Geopark – ei utmerking som markerer både internasjonal geologisk betydning og ein særs sterk lokal forankring.
Fjordkystparken er Norges første kombinerte Regional- og Geopark, og blir omtalt som ein av dei beste stadene i verda for å studere ei fjellkjedes vekst og fall. Her finn ein tydelege spor etter den kaledonske fjellkjeda, som vart danna for meir enn 400 millioner år sidan.
Fjordkystparken handlar om meir enn geologi. Med meir enn 85 partnarar frå kommunar, næringsliv, frivillige organisasjonar og privatpersonar, er samarbeid eit av dei viktigaste måla. Parken fungere som ein samarbeidsplattform på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og jobbar med tema som bygningsvern, landskap, besøksforvaltning og formidling. Dei har og eit eige barne- og ungdomsprogram.
– UNESCO-statusen stadfestar at vi har geologi i verdsklasse, men vi hadde aldri fått han utan det sterke samarbeidet vi har, seier Trude Søilen, dagleg leiar i Fjordkystparken.

Her ute, heilt vest i Noreg, bur folk som kombinerer tradisjon med innovasjon, driv med mangesysleri og som forstår verdien av samarbeid og tolmod. Parken er eit nedanfrå og opp- initiativ, med fokus på ivaretaking og utvikling av regionen sine natur-og kulturressursar, på lokalbefolkninga sine eigne premissar. Området byr på eit rikt mangfald av opplevingar tufta på både natur og kultur.
– UNESCO statusen er svært verdifull for heile regionen. Den set fokus på ein naturarv i verdsklasse, som motiverer til å ta vare på natur- og kulturarven vår. Ein UNESCO status baner også veg for større synlegheit for alle dei spanande natur- og kulturopplevingane som vi har å by på, seier Marita Solheim – dagleg leiar i Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Vi gratulerer!!


