Korleis reiselivet skapar verdi i regionen
Reiselivet bidreg til verdiskaping på fleire nivå i Fjordkysten og Sunnfjord. Gjennom besøkande frå inn- og utland blir det skapt direkte inntekter for reiselivsbedrifter, samstundes som aktiviteten gir ringverknader til andre delar av lokalt næringsliv, til dømes handel, transport, kultur og tenesteyting.
Verdiskaping i reiselivet handlar ikkje berre om økonomi, men også om samfunnsutvikling. Reiselivet kan bidra til fleire arbeidsplassar, auka bulyst og grunnlag for heilårleg aktivitet i både byar og bygder. Samstundes gir det kommunane eit breiare næringsgrunnlag og større rom for utvikling av attraktive lokalsamfunn.
Visit Fjordkysten og Sunnfjord jobbar for at utviklinga av reiselivet skal vere kunnskapsbasert og berekraftig, i tett samarbeid med kommunar, næringsliv og regionale og nasjonale aktørar. Innsikt i verdiskaping og ringverknader er eit viktig verktøy for å prioritere riktige tiltak og sikre ei langsiktig og balansert utvikling av reiselivet i regionen.