🎯 Campingnæringa i vekst – dette må du få med deg!
Tidlegare i mars fekk medlemer i Visit FjordKysten og Sunnfjord invitasjon til eit eksklusivt digitalt seminar om campingturisme – arrangert i samarbeid med Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemål (NDBR). Del 1 vart gjennomført i dag, og her fekk vi med oss innsikt som er særs relevant for både bedrifter og destinasjonsarbeid:
🔹 Utanlandske campinggjester i sterk vekst:
Heile 4 av 10 utanlandske turistar kjem med ferge – dei fleste frå Nederland, Tyskland, Danmark og Belgia. Dei reiser med bil eller bubil og har i snitt 17,4 overnattingar!
🔹 Dei søkjer stillheit, natur og gode opplevingar – og er opptekne av berekraft. 27 % undersøker miljøaspekt i forkant av reisa si. Les meir om turistundersøkelsen for sommaren 2024 her
🔹 Turoperatørsamarbeid gir gevinst:
Fleire kundar, betre forutsigbarheit og tilgang til nye marknader – utan store investeringar i eiga marknadsføring.
🔹 Google løftar reiseliv:
Nye plattformer som travel.google og Google Reviews vert stadig viktigare for synlegheit og tillit. Å vere aktiv, svare på vurderingar og dele gode omtaler, kan vere avgjerande for å bli funne og valgt.
🔹 Kvifor medlemskap betyr noko:
Destinasjonsselskapa si rolle vert stadig viktigare. Ved å stå samla som næring, kan vi løfte campingsegmentet og reiselivet i regionen i fellesskap.
🗓 Neste veke kjem del 2 – kun for medlemer!
Alle medlemer har fått invitasjon på e-post. Har du ikkje meldt deg på endå? Det er framleis mogleg å sikre seg plass.
💡 Ikkje medlem endå? Ta kontakt med oss i dag for å bli ein del av fellesskapet 👉 Kontakt oss



