Fjordløftet: Samarbeid for ansvarleg turisme i Fjord Norge
Fjord Norge er ein populær destinasjon, kjent for storslått natur og levande lokalsamfunn. For å ta vare på det som gjer regionen så spesiell, har vi, saman med resten av, utvikla Fjordløftet – eit felles initiativ for å fremje ansvarleg gjesteadferd og sikre trygg og berekraftig turisme.
Kva er Fjordløftet?
Fjordløftet er ein felles innsats for å sikre at turismen i regionen blir handtert på ein måte som tek vare på både naturen og lokalsamfunna. Vi ønskjer at både besøkande og lokale aktørar er med på å skape gode opplevingar som tek omsyn til dei ressursane vi har.
Kvifor Fjordløftet?
Med fleire turistar kjem òg utfordringar. Auka trafikk kan påverke både naturen og dei små lokalsamfunna. Fjordløftet gir klare retningslinjer for korleis vi kan ta ansvar saman – for å balansere vekst med omsyn til miljøet og folka som bur her.
Korleis kan de bidra?
De som er ein del av reiselivet i Fjord Norge har ei viktig rolle. Vi oppmodar dykk til å:
- Informere gjestar om korleis dei kan førebu seg godt, ta vare på naturen, og kvifor det er lurt å bruke lokale guidar.
- Leggje til rette for gode val, som bruk av lokale tenester og varer, handtering av avfall, og trygg camping og ferdsel.
- Samarbeide lokalt for å utvikle gode rutinar for besøksstyring og tryggleik.
Saman gjer vi ein forskjell
Gjennom Fjordløftet kan vi bidra til at Fjord Norge held fram med å vere ein flott stad å besøke – og å bu. Ved å jobbe saman kan vi sikre at turismen i regionen skjer på ein ansvarleg måte, slik at vi tek vare på både natur og lokalsamfunn.


