Ønskjer du bordryttere til sommaren?

Første kampanje for 2025: «Go Your Own Way» – ein sterk start på sommaren!

Frå 14. april til 16. mai gjennomførte Visit FjordKysten og Sunnfjord årets første eigne kampanje – ei reiselystvekking retta mot det norske publikum. Kampanjen tok utgangspunkt i vårt kommunikasjonskonsept, der vi inviterer folk til å gå sin eigen veg – til stadar utanfor allfarveg, og oppleve natur og kultur i eit ekte og urørt Vestland.

Gjennom sterke visuelle uttrykk og målretta distribusjon på Meta-kanalane (Facebook og Instagram), har kampanjen treft godt i målgruppa og lagt eit viktig grunnlag for vidare marknadsføring inn mot sommaren.


Mål og målgruppe

Kampanjen hadde som hovudmål å få nordmenn til å vurdere Fjordkysten og Sunnfjord som reisemål for sommarferien. Samtidig ønska vi å hente inn innsiktsdata til bruk i ein oppfølgingskampanje (del 2). Produktfokuset låg på friluftsliv, parferie og familieferie, med innhald på norsk og i format tilpassa bilde- og videovisningar i sosiale medium.


Nøkkeltal frå kampanjen

Synlegheit og respons på Meta:

  • 407 656 annonsevisningar
  • 194 520 i rekkevidde
  • 33 421 klikk til landingssida
  • 0,45 kr per klikk – ein særs låg og effektiv kostnad

Webresultat:

  • 127 769 sidevisningar i kampanjeperioden
  • 37 498 aktive brukarar
  • 89,65 % engasjement
  • Gjennomsnittleg tid per økt: 2 minutt og 40 sekund

Kva innhald skapte mest trafikk?

Dei mest besøkte artiklane / sidene under kampanjeperioden var:

  1. Toppturar som tek pusten frå deg – 77 862 visningar
  2. Go your own way! – 21 142 visningar
  3. Frå hav til bre – Vestlandets skjulte perler – 8 581 visningar

Dette viser at både det konkrete turopplevingsinnhaldet og kampanjesida i seg sjølv traff godt og inspirerte til vidare utforsking av destinasjonen. Du kan lese heile kampanjerapporten her 👇


Del 2 av kampanjen vil byggje vidare på same kommunikasjonskonsept, med retargeting basert på engasjement frå denne runda – for å sikre endå høgare relevans og konvertering

*Vi har per dags dato ein kampanje med tema frå Hav til Bre med Anniken og Jostein ute i våre kanaler!

Visit Norway på tur for å skape reiselyst i FjordKysten og Sunnfjord

23.–28. april var eg, Lillian, marknad- og kommunikasjonsansvarleg i Visit FjordKysten og Sunnfjord, på reise i regionen saman med Evgenia, som har ansvar for sosiale medium i Visit Norway. Målet med turen var å vise kor enkelt ein kan reise frå Oslo eller Bergen og vidare ut til FjordKysten og Sunnfjord – alt ved hjelp av kollektivtransport.

Gjennom seks innhaldsrike dagar fekk vi oppleve øyhopping, sykling i levande øysamfunn, fjellturar med spektakulære utsyn og reiser mellom øyane med lokale transportmiddel.

Undervegs publiserte Evgenia både stories og direktesendingar på Visit Norway sine kanalar, slik at følgjarane kunne ta del i opplevingane i sanntid. I tillegg har vi samla mykje flott innhald som vi vil dele framover – både for å inspirere nye reisande og løfte fram den genuine opplevinga vår region byr på.

Vi håpar å kunne invitere Evgenia tilbake ved eit seinare høve, slik at vi kan vise fram endå meir av alt det fantastiske FjordKysten og Sunnfjord har å by på.

Her finn du litt bileter frå turen :)

Del gode råd med gjestane dine – verktøy for ansvarleg ferdsel

For å sikre gode opplevingar for både gjester og lokalsamfunn, har vi i Visit FjordKysten og Sunnfjord utvikla informasjonsmateriell om korleis ein kan vere ein god gjest når ein besøkjer regionen. Dette inneheld enkle og konkrete råd om ferdsel i naturen, omsyn til lokalsamfunnet og korleis vi kan ta vare på miljøet.

På vår nettside fjordkysten.no finn du fleire ressursar som du kan dele vidare i dine kanalar – enten det er på eigne nettsider, i sosiale medium eller direkte til gjestane dine. Vi oppmodar alle aktørar i reiselivet til å spreie denne informasjonen, slik at vi saman kan bidra til ein berekraftig reiselivsutvikling og gode opplevingar for alle.

Kvar finn du informasjonen?

👉 Reis Betre
👉 Bilete

Vi set stor pris på di hjelp til å spreie bodskapen! Har du spørsmål eller ønskjer tilpassa innhald til din kanal, er det berre å ta kontakt.

Takk for at du er med på å skape gode opplevingar for både gjester og lokalbefolkning!

Få maksimal synleghet for verksemda di på fjordnorway.com

Ynskjer du å nå ut til reiselystne frå heile verda? fjordnorway.com er ein av dei leiande reiselivsportala i Norge, med millionar av besøkande kvart år som drøymer om autentiske og unike opplevingar på Vestlandet. No kan du bruke denne kraftfulle plattforma til å profilere verksemda di og teneste dine!

Fordela med å annonsere på fjordnorway.com

  1. Treff ei målretta målgruppe: – ALLE våre besøkande har ein reiseintensjon. Vi tiltrekkjer oss kvalitetsbesvisste gjestar som ynskjer ekte og minneverdige opplevingar – dei perfekte kundane for verksemda di.
  2. Eksklusiv synleghet: Få plassering på ein portal som spesialiserer seg på Vestlandet som destinasjon, og dra nytte av ei sterk regional merkevare. Du kan sjølv velge når du ynskjer å vere synleg, og kva marknad du ynskjer å rette deg mot.
  3. Effektive innhaldsplasseringar: Våre annonsørpakkar gir synleghet gjennom bannerannonse på kampanjesider, artiklar, landingssider for overnatting, mat og drikke, aktivitet, eller forsider.
  4. Støtte frå eit engasjert team: få hjelp frå vårt erfarne team som sørgjer for at bodskapen din når ut til riktig publikum på den beste måten.

Kvifor velje fjordnorway.com?

Som ein del av eit etablert landsdelsselskap som fjordnorway har vi djup innsikt i kva reisande ser etter, og vi er alle lidenskapeleg opptekne av å løfte fram det beste av Vestlandet har å by på. Når du annonserer hos oss, blir verksemda di ein del av ei heilskapeleg reiseoppleving – frå overnatting og aktivitetar til lokalmat og kulturarv.

Korleis kjem du i gong?

Kontakt vår marknad- og kommunikasjonsansvarleg, Lillian Herland på e-post lillian@fjordkysten.no, og få ein uforpliktande samtale om kva annonsørpakkar som passar best for deg. Samla kan vi finne den perfekte løysinga for verksemda di.

Ikkje gå glipp av viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord!

Lyst til å alltid vere blant dei første som får vite om dei siste oppdateringane, spanande moglegheiter og viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord? Vi har løysinga for deg!

Ved å slå på varslar for Facebook-gruppa vår og abonnere på vår WordPress-side, sikrar du at du aldri går glipp av informasjon som kan vere avgjerande for deg og di verksemd. Det er enkelt og raskt – her er korleis du gjer det:

Slik slår du på varslar på ei Facebook-gruppe:

  1. Gå til Facebook-gruppa Destinasjonsforum FjordKysten og Sunnfjord
  2. Klikk på «Varslar»-knappen som du finn under cover-bildet på gruppa.
  3. Vel «Alle innlegg» for å få varsel kvar gong vi deler noko nytt.

Abonner på vår WordPress-side:

  1. Besøk WordPress-sida vår https://visitfjordkysten.wordpress.com/
  2. Finn abonnementsboksen (nederst på sida eller i menyen).
  3. Skriv inn e-postadressa di og klikk på «Abonner».
  4. Du vil no få eit e-postvarsel kvar gong vi publiserer ein ny artikkel.

Ved å følgje desse enkle stega er du sikra å vere oppdatert på alt det spennande som skjer i regionen. Vi deler nyhender, arrangement, tips og mykje meir som kan inspirere og bidra til at du får mest mogleg ut av moglegheitene her.

Gå ikkje glipp av noko – bli med oss på reisa og hald deg informert i dag!