Visit Norway på tur for å skape reiselyst i FjordKysten og Sunnfjord

23.–28. april var eg, Lillian, marknad- og kommunikasjonsansvarleg i Visit FjordKysten og Sunnfjord, på reise i regionen saman med Evgenia, som har ansvar for sosiale medium i Visit Norway. Målet med turen var å vise kor enkelt ein kan reise frå Oslo eller Bergen og vidare ut til FjordKysten og Sunnfjord – alt ved hjelp av kollektivtransport.

Gjennom seks innhaldsrike dagar fekk vi oppleve øyhopping, sykling i levande øysamfunn, fjellturar med spektakulære utsyn og reiser mellom øyane med lokale transportmiddel.

Undervegs publiserte Evgenia både stories og direktesendingar på Visit Norway sine kanalar, slik at følgjarane kunne ta del i opplevingane i sanntid. I tillegg har vi samla mykje flott innhald som vi vil dele framover – både for å inspirere nye reisande og løfte fram den genuine opplevinga vår region byr på.

Vi håpar å kunne invitere Evgenia tilbake ved eit seinare høve, slik at vi kan vise fram endå meir av alt det fantastiske FjordKysten og Sunnfjord har å by på.

Her finn du litt bileter frå turen :)