Ansvarleg Reiseliv

Reiselivet i Fjordkysten og Sunnfjord tek ansvar for å ivareta kultur og natur, og minimere vår påverknad på miljøet gjennom å jobbe systematisk og langsiktig med berekraftig utvikling.

Etterfølging av lover og reglar

For å sikre samsvar med lokale, nasjonale og internasjonale lover og reglar har Visit Fjordkysten og Sunnfjord laga eit prosessverktøy som medlemmer kan nytte. Prossverktøyet legg til grunn dei lover og reglar som Visit Fjordkysten og Sunnfjord forpliktar seg til å informere reiselivsnæringa og eller gjester om i henhold til Standard for Berekraftig reisemål. Alle verksemder har sjølv ansvar for å halde oversikt over og innfri dei lover og reglar som til ein kvar tid gjeld eiga verksemd.

Tryggleik

Fjordkysten og Sunnfjord er ein region prega av stor naturvariasjon, unike opplevingar og eit varierande klima. Samtidig inneber dette at det kan oppstå hendingar som påverkar tryggleiken og opplevinga til både innbyggjarar og besøkande. For å sikre beredskap og tryggleik i regionen, er det viktig å forstå risikoen knytt til ulike hendingar og arbeide proaktivt for å redusere potensielle konsekvensar.

Berekraft i praksis

Vi utarbeidd ei praktisk sjekkliste med konkrete tiltak som vi oppmodar alle reiselivsbedrifter til å implementere i verksemda. Desse tiltaka vil ikkje berre redusere vårt klima- og miljøavtrykk, men dei vil òg styrka vår identitet som berekraftige reisemål og skapa ei kjensle av stoltheit og tilhøyrsle i våre lokalsamfunn.

Reduser klimagassutslepp

  • Implementer energieffektive løysingar
  • Oppmod til bruk av miljøvennlege transportalternativ

Miljøsertifisering

  • Gå gjennom prosessen for miljøsertifisering for å vise engasjement for berekraftig drift

Energibesparande tiltak

  • Implementer løysingar for å redusera energiforbruket i di verksemd.

Kjeldesortering

  • Innfør kjeldesorteringssystem for å fremme resirkulering og tilfredsstillande avfallshandtering.

Reduksjon av matavfall

  • Implementer strategiar for å minimere matavfall og optimalisere ressursbruken.

Reduksjon av plast

  • Reduser bruken av engangsplast og vurder alternative emballasjeløysingar.

Lokal mat og drikke

  • Frem lokal matkultur og samarbeid med lokale leverandørar.

Avgrensing av lys- og støyforureining

  • Implementer tiltak for å verne det naturlege miljøet.

Opplæring og utvikling

  • Støtt opplæring og utvikling av fagarbeidarar.

Samarbeid med lokalsamfunnet

  • Engasjer deg aktivt i lokale initiativ og støtt opp om fellesgoder og samarbeid.
  • Utforsk moglegheiter for samarbeid med andre lokale verksemder.

Tilrettelegging for alle

  • Sikre tilkomst og inkludering for alle gjestegrupper.
  • Informer om allmenn tilgjengelegheit og tilrettelegging

Saman kan vi skape ei berekraftig reiselivsnæring som ikkje berre er ettertrakta av gjester, men som òg er til glede og nytte for våre lokalsamfunn.

Last ned prosessverktøy til eige bruk

Vi har laga eit prosessverktøy for medlemmane våre for å jobbe langsiktig og strategisk med berekraftig. Verktøyet vil òg vere til hjelp når ein skal besvare medlemsundersøkinga, som Visit Fjordkysten og Sunnfjord gjennomfører kvart 3. år.

Miljøsertifisering

Les meir om miljøsertifisering og finn oversikt over miljømerka medlemmar her.