Bli medlem
Ved å vere medlem i Visit Fjordkysten & Sunnfjord bidreg du til at vi kan marknadsføre regionen på både nasjonalt og internasjonalt. Du blir ein del av eit fellesskap med tilgang til synlegheit, marknadskraft, kompetanse og inspirasjon.
Ved å vere medlem i Visit Fjordkysten & Sunnfjord bidreg du til at vi kan marknadsføre regionen på både nasjonalt og internasjonalt. Du blir ein del av eit fellesskap med tilgang til synlegheit, marknadskraft, kompetanse og inspirasjon.
Som medlem blir du synleg på fjordkysten.no, fjordnorway.com og visitnorway.com – med presentasjon av tekst, bilete og bookinglenke.
Vi har ein aktiv strategi for sosiale media og deler jamleg innhald frå medlemer. Tagg @fjordkysten for å bli sett av fleire.
Du får tilgang til ein stor foto- og filmbank som kan nyttast fritt. Vi kan òg hjelpe deg med profesjonell innhaldsproduksjon.
Bli med i vår digitale visningstur og få eigen film til medlemspris. Filmen kan brukast i dine eigne kanalar og i B2B-marknaden.
Vi arrangerer turar saman med Fjord Norge og Visit Norway. Du får høve til å vise fram produktet ditt for presse og turoperatørar.
Vi deltek på workshops og møteplassar med turoperatørar, og sender ut B2B-nyhendebrev med nytt frå regionen og medlemer.
Du blir invitert til reiselivsforum og vårt årlege Kick-Off. Her møter du kollegaer, får fagleg påfyll og bygg nettverk.
Som medlem får du tilgang til digitale kurs og faglege samlingar, i samarbeid med Innovasjon Norge og andre partnarar.
Du får støtte frå vårt team innan marknadsføring, innhald, produktutvikling og prosjektleiing – samt tilgang til nyttig statistikk.
Pakkane er for både små og store aktørar. Prisen justerast etter omfang og ambisjon. Sjå frå-prisar og detaljar i marknadsavtalen.
Passar for deg som vil sikre grunnleggjande synlegheit og tilgang til nettverket.
Tilval: ekstra synlegheit, innhaldsproduksjon, kampanjedeltaking
Frå kr. 3000 pr/år
Passar for deg som vil vere med i kampanjar og få meir fart på sal og synlegheit.
Tilval: utvida innhaldsproduksjon, ekstra kampanjepakker, PR-innsats
Frå kr. 5000 pr/år
Passar for deg som vil ha høg prioritet, tett oppfølging og mest mogleg eksponering.
Tilval: eigne prosjektløp, ekstra produksjonsdagar, målgruppestyrte kjøp
Frå kr. 8000 pr/år
Frå-pris er rettleiande. Vi finn rett nivå saman – for både små og store aktørar. Du kan lese detaljane i marknadsavtalen.
Viss vi går inn i eit medlemsskap med dykk, betyr det at vi ikkje treng å gjere vår eigen marknadsføring?
Nei. Medlemskap i Visit FjordKysten og Sunnfjord erstattar ikkje eiga sal- og marknadsføringsaktivitet. Næringsaktørar er sjølv ansvarlege for å marknadsføre og selje eigne produkt og tenester. Vår rolle er å styrke kjennskapen og omdømmet til destinasjonen både nasjonalt og internasjonalt, og dette arbeidet forsterkast når medlemsbedrifter er aktive samarbeidspartnarar.
Vi fungerer som eit supplement – ikkje som ein erstatning – for eigen innsats.
Vi er medlem, men opplever ikkje at vi får noko igjen for det. Det kjem heller ingen henvendingar frå dykk, seier gjestene våre.
Visit FjordKysten og Sunnfjord jobbar med langsiktig merkevarebygging og synleggjering av destinasjonen på tvers av fleire kanalar og samarbeid. Dette gir ikkje nødvendigvis direkte og målbare resultat for kvar enkelt medlemsbedrift med ein gong.
Det er viktig å hugse at medlemskapet inneber å vere ein del av eit større fellesskap og ein regional løftekapasitet. Gjestene kjem ikkje nødvendigvis via oss, men fordi destinasjonen er synleg og attraktiv.
Vi samarbeider tett med kommunar, næringsforeningar, Visit Norway, Fjord Norge, Innovasjon Norge og andre partnarar – alt for å skape ringverknader og auka trafikk til regionen.
Kva får vi igjen for å vere medlem?
Medlemskap gir dykk tilgang til:
Verdien av medlemskap kjem best til uttrykk når de deltek aktivt og held oss oppdatert om produkt, tilbod og behov.
Korleis kan vi bidra for å få mest mogleg ut av medlemskapet vårt?
For å få mest ut av samarbeidet anbefaler vi at de:
Engasjement og samarbeid gir større gjennomslag!
Kan vi få hjelp til å utvikle nye produkt eller pakkar?
Ja. Vi jobbar med produktutvikling og kan bidra med rådgjeving, innsikt, nettverk og partnarskap. Ta kontakt, så ser vi saman på moglegheiter for å styrke tilbodet og opplevinga for gjestene.
Kostar det noko å vere med på kampanjar eller tiltak?
Deltaking i enkelte kampanjar eller prosjekt kan ha ein eigendel eller kostnad. Dette blir alltid varsla i forkant. Vi tilbyr også fleire tiltak der medlemskapet dekkjer kostnaden.
Korleis får vi informasjon frå dykk?
Vi kommuniserer via:
Pass på at vi har rett kontaktperson registrert hos dykk.
Ta kontakt med dagleg leiar Marita Solheim