Nasjonal KI-reiseplanleggjar med Mindtrip

Visit FjordKysten og Sunnfjord satsar på kunstig intelligens i samarbeid med 28 andre norske destinasjonar

29 norske destinasjonsselskap går saman om å rigge seg for KI-framtida og lanserer KI-reiseplanleggjar med Mindtrip

Visit FjordKysten og Sunnfjord er blant 29 norske destinasjonsselskap som no går saman om å lansere ein felles KI-basert reiseplanleggjar gjennom den internasjonale plattforma Mindtrip. Satsinga gjer dei norske destinasjonane til nokre av dei aller første i Europa som tek i bruk ei slik løysing i stor skala.

Norwegian Travel Cluster og 29 destinasjonsselskap frå heile landet har inngått avtale med Mindtrip, ei internasjonal KI-plattform for reiseplanlegging. Norwegian Travel Cluster er ein av dei to første europeiske partnarane til Mindtrip når plattforma no ekspanderer til Europa, saman med Madeira Promotion Bureau.

Gjennom samarbeidet kan reisande planleggje feriar og opplevingar ved hjelp av ein KI-assistent. Dei kan stille spørsmål, få lokale anbefalingar, sjå forslag på kart og setje saman konkrete reiseruter basert på innhald frå destinasjonane sjølve. Løysinga kan også gi personlege forslag med bilete, kart og lokalkunnskap i sanntid.

– Visit FjordKysten og Sunnfjord si viktigaste oppgåve er å skape reiselyst til destinasjonen vår. Samarbeidet i Norwegian Travel Cluster for å byggje felles kunnskap og synlegheit gjennom KI er verdifullt og viktig for oss som destinasjon. Det handlar både om å vere synleg der planlegging av reiser skjer, og å ha kontroll over forteljinga om FjordKysten og Sunnfjord som reisemål i ei KI-styrt digital verd.

Byggjer på berekraft

Alle dei 29 deltakande destinasjonane er ein del av ordninga Merket for berekraftig reisemål, og dette ligg til grunn for satsinga.

– Dette handlar både om å vere i front på korleis reisande planlegg, og om å styrkje arbeidet vårt under Merket for berekraftig reisemål. Gjennom felles føringar kan vi bidra til å spreie trafikken bort frå pressområde, løfte fram meir miljøvenlege val og synleggjere lokale opplevingar med stadens særpreg, seier Kristoffer Paulsen, prosjektleiar for satsinga og marknadssjef i Visit Vestfold.

Vil vere synlege i framtidas reiseplanlegging

Satsinga er ein del av Norwegian Travel Cluster sitt arbeid med å gjere norske destinasjonar betre rusta for ei KI-driven reisekvardag.

– Vi ser allereie at måten reisande finn informasjon og planlegg reiser på er i endring. Når KI-agentar får ein større plass i reiseplanlegginga, må vi liggje i front for å finne løysingar som gjer norske destinasjonar synlege og relevante også i framtida. Mindtrip er ein ny måte å tenkje digitale reiselivssider på, og dette er eit felt der vi ikkje har råd til å vente og sjå, seier Erling Løfsnes, KI-leiar i Norwegian Travel Cluster og dagleg leiar i Visit Lindesnes.

Gjennom satsinga deltek dei 29 destinasjonane i eit felles læringsløp der dei testar KI-genererte sider, reiseplanleggjarar og nye digitale brukarflater. Erfaringane skal brukast til å styrkje destinasjonane sin eigen digitale posisjon og gi lokale reiselivsbedrifter betre synlegheit i møte med nye søkje- og planleggingsvanar.

– Målsetjinga er at destinasjonar over heile landet skal utforske, teste løysingar og heve kompetansen sin, slik at både destinasjonane og bedriftene deira står sterkare i møte med ei tid der KI tek ein større del av verdikjeda. Utviklinga skjer raskt, og derfor er det avgjerande at vi står samla om dette nasjonalt, seier Anita Svendheim, klyngeleiar i Norwegian Travel Cluster.

Om Norwegian Travel Cluster

Norwegian Travel Cluster er eigd og driven av over 50 destinasjonsselskap frå heile Noreg, og er Noregs einaste offisielle innovasjonsklynge for reiseliv.

Deltakande destinasjonar

Visit FjordKysten og Sunnfjord deltek saman med 28 andre destinasjonsselskap frå heile landet, frå Lindesnes i sør til Svalbard i nord. Her er ein oversikt over deltakande destinasjonar: Øverst i skjemaet

Vestlandet

  1. Fjord Norway
  2. Visit Ålesund & Sunnmøre
  3. Visit Nordvest
  4. Visit FjordKysten og Sunnfjord
  5. Visit Sognefjord
  6. Visit Voss
  7. Visit Sunnhordland
  8. Visit Haugesund
  9. Ryfylke
  10. Region Stavanger
  11. Lysefjorden 365
  12. Småbyen Flekkefjord

Sørlandet

  1. Visit Sørlandet
  2. Visit Lindesnes
  3. Visit Setesdal

Østlandet

  1. Visit Telemark
  2. Visit Vestfold
  3. Visit Greater Oslo
  4. Visit Øst-Norge
  5. Visit Valdres
  6. Visit Geilo
  7. Hemsedal
  8. Visit Fredrikstad & Hvaler

Nord-Norge

  1. Visit Lofoten
  2. Visit Alta
  3. Visit Nordkapp
  4. Visit Lyngenfjord
  5. Visit Tromsø
  6. Visit Svalbard

Lurar du på noko vedrørande KI-reiseplanleggjaren?

Ta kontakt med Lillian Herland,
Marknad- og kommunikasjonsansvarleg
lillian@fjordkysten.no