Bærekraftig reisemål
Reiselivet må ha en positiv verdi for både næringsaktørar, besøkande, lokalsamfunn, innbyggarar og kloden. Bærekraftig utvikling av reiselivsnæringa tek hensyn til sosiale, miljømessige og økonomiske aspekt.
Reiselivet må ha en positiv verdi for både næringsaktørar, besøkande, lokalsamfunn, innbyggarar og kloden. Bærekraftig utvikling av reiselivsnæringa tek hensyn til sosiale, miljømessige og økonomiske aspekt.
Fjordkysten og Sunnfjord opplever merkbare effektar av klimaendringane. Regionen, kjent for sin storslåtte natur, møter utfordringar som auka temperaturar, endra nedbørsmønster og meir ekstremvêr. Dette påverkar både naturen og reiselivet, og det er viktig å setje i verk tiltak for å tilpasse seg og redusere dei negative konsekvensane.
Fjordkysten og Sunnfjord har blitt tildelt Innovasjon Norge sitt Merket for Berekraftig Reisemål! Dette er ein viktig milepæl i vårt arbeid for å utvikle eit meir berekraftig reiseliv, der vi set miljø, lokalsamfunn, natur og kultur i fokus. Merket er ei nasjonal ordning som sertifiserer reisemål som har forplikta seg til ei meir berekraftig utvikling.
Visit Fjordkysten og Sunnfjord er Miljøfyrtårn-sertifisert. I tillegg legg vi tilrette for og oppfordrar våre medlemmar til å bli miljøseertifiserte.
Her har vi samla kunnskap, malar og verktøy som støttar dykk i arbeidet med eit meir berekraftig Fjordkysten & Sunnfjord. Her finn de alt frå praktiske retningslinjer og rapportar til inspirasjon og gode døme frå destinasjonen.