Pressemelding: Berekraftsnettverket NDBR
Over førti reisemål frå Svalbard til Lindesnes har samla seg for å løfte
og løyse framtidas reiseliv.
Sidan 2013 har reisemål på tvers av landet arbeidd strategisk og heilskapleg med utviklinga av det lokale reiselivet ved å vera kopla opp mot den nasjonale merkeordninga, «Berekraftig Reisemål». Denne ordninga fungerer som eit felles styringsverktøy for alle aktørane som er involverte i utviklinga, og forpliktar reisemåla til å sjå reiselivet i eit samfunnsperspektiv der ein arbeider for å skape gode reisemål for besøkjande, lokalbefolkninga, natur og miljø – i dag og for framtida.
Gjennom arbeidet inn mot Merkeordninga ser me at reisemål over heile landet har gått i gong med nybrotsarbeid for å skape betre og meir heilskaplege løysingar. Likevel ser me at me har mykje å gå på i forhold til tettare erfaringsutveksling og samarbeid rundt utviklinga slik at me
løfter det grøne skiftet i reiselivet i fellesskap og finn gode løysingar så e?ektivt som mogleg, fortel Anita Svendheim, prosjektleiar for nettverket.
Ein felles melodi frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør
Etter mange år med tett dialog og samarbeid har 43 reisemål no samla seg for å løfte og løyse felles berekraftsutfordringar i eit nasjonalt bedriftsnettverk, støtta av Innovasjon Norge. Nettverket har fått namnet «Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling» (NDBR), der reisemåla som deltek representerer 137 norske kommunar og ei medlemsmasse beståande av omlag 4500 reiselivsbedrifter.
Skal ein lukkast med utviklinga av eit berekraftig reiseliv må ein ha med alle saman. Dette styrkja samarbeidet har vist oss at me i stor grad står i møte med dei same moglegheitene og utfordringane, anten ein representerer by eller bygd, kystdestinasjon eller fjelldestinasjon, nordlege eller sørlege delar av landet, fortel Svendheim.
Dette er første gong ein ser eit nasjonalt samarbeid på tvers av reisemål over heile landet, knytt opp mot ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa. Her er jobbar ein for tettare erfaringsutveksling, utvikling av felles verktøy og etablering av felles utviklingsprosjekt for å effektivisere berekraftsarbeidet på reisemåla i landet.
Gjennom dette nettverket, kvar me deler erfaringar om felles utfordringar som ansvarleg marknadsføring, reisemålsleiing, vertskapskurs og besøksstyring, kan me jobbe smartare og meir effektivt. Dette er både nyttig og tidsbesparande i vårt daglege arbeid, fortel Inger-Lise Brones, medlem av styringsgruppa til nettverket.
Ei av Noreg sine viktigaste framtidsnæringar
Reiselivet i Noreg er ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar, både som ei av landet sine viktigaste, grøne eksportnæringar og som ei næring som bidreg til å sikre verdiskaping, arbeidsplassar og stadutvikling over heile landet. I september i fjor blei det også annonsert at reiselivet er den femte næringa som skal inn i regjeringa sin eksportsatsing
Hele Norge eksporterer.
Me er glade over at viktigheita av reiselivet i auka grad blir trekt fram og satsa på nasjonalt. Samstundes veit me at reiselivet, som tek utgangspunkt i kvar stad sitt særpreg med sine moglegheiter og avgrensingar, må bli utvikla nedanfrå og opp for å skape ei næring som finn gode løysingar for menneske, natur og miljø. Å styrkje dette leddet av arbeidet meiner me difor er avgjerande for å lukkast med å nå målsetnadane sett for reiselivet, avsluttar Svendheim.
Meir informasjon om Merkeordninga «Berekraftig Reisemål»
Merkeordninga «Berekraftig Reisemål» er utvikla av Innovasjon Norge, og er eit lokalt styringsverktøy for å arbeide heilskapleg med utviklinga av reisemålet. Ordninga set mellom anna krav til at ei breitt samansett destinasjonsleiing/reisemålsleiing, etablering av ein langsiktig og breitt forankra strategi for utviklinga av reisemålet og ein blir målt på utviklinga innanfor område som bevaring av natur, kultur og miljø, styring av
sosiale verdiar og økonomisk levedyktigheit. Ordninga betyr difor ikkje at eit reisemål er «berekraftig», men at ein må vise til betring ved kvar re-merking.
Meir informasjon om Nettverket NDBR
Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling («Nettverket») er eit nasjonalt nettverk for og av reisemål som arbeider strategisk med den berekraftige utviklinga av sin destinasjon ved å knyte seg til den nasjonale merkeordninga «Berekraftig Reisemål» («Merkeordninga»). Nettverket består av 43 destinasjonar, som følgjer: Akershus Reiselivsråd, Visit Bergen, Visit Bodø, Femund-Engerdal, Fjordkysten &
Sunnfjord, Visit Fredrikstad & Hvaler, Hallingdal næringshage, Hemsedal, Visit Jotunheimen, Kragerø Næringsforening, Visit Sørlandet, Visit Lillehammer, Visit Lindesnes, Destination Lofoten, Visit Lyngenfjord, Lysefjorden365, MTNU/Visit MidtTelemark, Malung-Salen, Visit Narvik, Nasjonalparkriket, Visit Nesbyen, Visit Nordfjord, Visit NorthWest, Visit Norefjell, Orinor/Visit Kirkenes & Alta, Nordveggen/Visit Rauma,
visitRjukan, Visit Senja, Visit Sognefjord, Region Stavanger, Næringshagen i Ryfylke/Visit Suldal, Visit Sunnhordland, Visit Svalbard, Visit Tromsø-regionen, Destinasjon Trysil, Visit Valdres, Vefsna Regionalpark, Vest-Telemark, Visit Vestfold, Visit Øst-Norge, Visit Voss og Åfjord utvikling. Desse reisemåla representerer reiselivet i over 137 kommunar
og ei medlemsmasse på omlag 4500 reiselivsbedrifter.




